Hopp til innhold

Gladmelding frå meteorologane: – Stormane er over, og kulden er tilbake

Det blir eit kjærkome avbrekk frå vindkasta denne veka. – Dei fleste kan vente seg periodar med snø, og nokre periodar med sol.

Kvit jul

ROLEGARE: Vindfulle dagar er over for det meste av landet. No blir det vinterleg vêrtype igjen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stormane er over, og kulden returnerer.

Det er gladmeldinga frå meteorologane.

– Heile landet får ein vinterleg vêrtype i løpet av veka, fortel statsmeteorolog Marek Ratajczak ved Meteorologisk institutt.

Les også Skal gi deg værmeldingen 21 dager fram i tid

Måne på blårosa himmel med frostdekte greiner i forgrunnen. Saltfjellet.

– Sjølv om enkelte stader får litt vind, så er det generelt ikkje snakk om meir enn kuling på det meste, legg han til.

Minusgrader, sol og snø

Denne veka kan du dermed ta skiturane som nedbørsmengdene og vinden hindra deg i å ta sist veke.

Oppmodinga frå meteorologane likevel å følgje med på snøskredfaren.

I korte trekk blir det minusgrader over det ganske land. Og det blir periodar med snø, og periodar med sol. Minst minusgrader blir det lengst sørvest.

Etter ei turbulent veke går Noreg ein rolegare vêrtype i møte denne veka.

Etter ei turbulent veke går Noreg ein rolegare vêrtype i møte denne veka.

– Vi snakkar ikkje om sprengkulde som vi har hatt tidlegare i år. Det blir meir vanlege vintertemperaturar, seier Ratacjzak.

Det betyr tosifra kuldegrader fleire stader, kanskje 20–30 blå grader for dei som bur utsett til. Som i dalstroka.

Les også En vinter for historiebøkene: Må tilbake 20 år for å finne maken

Snøkaos i Oslo

– Det får dei ofte når det er slik vêrtype midt på vinteren. Det blir ikkje snakk om 40 minus som i starten av året, seier statsmeteorologen.

Mindre skade enn frykta

Vêrmessig har det vore ein trå start på 2024, med farevarsel, flaum, jordskred og kraftige vindkast.

Og i slutten av førre veke: orkan.

Meteorolog Marek Ratajczak

Det har vore hektiske dagar for statsmeteorolog Marek Ratajczak og kollegaene i Tromsø. Den komande veka blir det rolegare.

Foto: Inga Maret Solberg Åhrén / NRK

Ekstremvêret «Ingunn» trefte ikkje kysten like langt sør som først varsla, men gjorde stor skade.

Søndag melde forsikringsselskapa om kring 1000 skademeldingar. Det er likevel færre enn dei frykta.

Les også Forfatter Anne Holt mener nordlendinger er tøffere enn andre – ekspertene ikke enig

Man havner midt i sjøsprøyten på moloen i Bodø

Såleis kan den komande veka vere eit kjærkome pusterom. På toppen av det er mørketida over for dei fleste, og dagane blir merkbart lengre.

– Eg vil tru at det er fleire som tykkjer det er på tide med ein litt rolegare vêrtype, seier Ratacjzak.

Eine stormen avløyste den andre

Også meteorologane i Tromsø set pris på rolegare arbeidsdagar.

– Den eine stormen var ikkje ferdig før den neste kom. Det var veldig travelt på jobb, og ekstra mannskap som måtte stille på alle dagane, seier statsmeteorologen.

Kuldegradene vil kvile over landet i ei vekes tid. Så slår det om att, om ein skal tru langtidsprognosane. Eit høgtrykk ser ut til å bygge seg opp rundt Storbritannia.

– Det vil dra med seg mild luft frå sør, frå Atlanterhavet og Middelhavsområdet. Men det er langt fram i tid, så det er uvisst kor høgtrykket legg seg og kor langt nord det kjem, seier Ratacjzak.

– Kan det få turbulente vêrfølgjer?

– Kanskje ikkje nødvendigvis storm, men ein kan få mildvêr og større nedbørsmengder.