Hopp til innhold

Kyrkjelege nasjonalskattar toler ikkje sprit

LÆRDAL (NRK): Stavkyrkjene i Noreg er for skjøre til vask. I år blir besøkande bedne om å halde fingrane av fatet.

Tanna Gjeraker,

LÆRDAL: Borgund stavkyrkje i Lærdal er ei av 28 stavkyrkjer i Noreg. Førebels er døra til kyrkja låst, men dei første turistane får sleppe inn om nokre få dagar.

Foto: ROY RAASHOLM FAUSKE / NRK

– Det er veldig viktig at folk ikkje tar på kyrkja. Vi kan ikkje vaske ei mellomalderkyrkje, seier Tanna Gjeraker, som er dagleg leiar ved besøkssenteret til Borgund stavkyrkje.

Mellom bratte fjellsider i Borgund i Sogn ligg det som vert rekna for den best bevarte norske stavkyrkja frå mellomalderen.

Kvart år går titusenvis av besøkande inn kyrkjedørene til over 800 år gamle Borgund stavkyrkje. Der møter dei kjempande drakar og runeskrifter på veggane.

Til liks med mange andre i sommar, så må også stavkyrkjene gjere koronatiltak. Det var Sogn Avis som først omtala saka.

For årets turistsesong er det innført eit litt spesielt forbod. I sommar får du nemleg ikkje ta på kyrkja i Lærdal.

– Vi kan ikkje vaske vekk smitte

– Millionar på millionar av hender har tatt på kyrkja, men det kan dei ikkje gjere i år. Vi kan ikkje vaske vekk smitte, så vi ber om at folk ikkje fell for freistinga, seier Gjeraker.

Førebels er døra til kyrkja låst, men dei første turistane får sleppe inn om å få dagar.

Kyrkja vert neppe offer for koronaviruset, men handsprit, vatn og vaskemiddel er eit større trugsmål.

– Då skadar vi treverket, seier Gjeraker.

Svalgang

TREVERK: I år kan du sjå, men ikkje røre stavkyrkjene.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sjå, men ikkje røre

I Noreg er det 28 stavkyrkjer. Fortidsminneforeininga har innført liknande restriksjonar ved stavkyrkjene som dei driv, for å kunne vise dei fram til publikum i sommar.

– Det er viktig at vi gir folk ei innsikt i kulturhistoria vår, seier dagleg leiar ved Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane, Jon E. Tamnes.

Sjølv om besøkande ikkje får ta på nasjonalskattane, så er dei likevel velkomne på besøk.

– Eg trur opplevinga blir betre i år. Det vert mindre folk og guidar som har betre tid. Det er små og mørke bygningar, så vi kan ikkje ta imot fleire enn ti personar om gongen, seier Tanna Gjeraker ved Borgund stavkyrkje.

Borgund Stavkyrkje

STAVKYRKJE: Frå 2010 til 2012 blei Borgund stavkyrkje i Borgund i Lærdal restaurert.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK