Flyplass får byggje ut, med beskjed om å kutte i klimautsleppa: – Det er ikkje så lett

Politikarane vil gje 18 millionar til utviding av flyplass som kan gi fleire flyreisande. – Eit dilemma, innrømmer MDG, som sjølv røysta for utbygginga.

Stord lufthamn, med terminalbygg og brannstasjon

FORNYING: Kontrolltårnet ved Stord lufthamn er 35 år gamalt og har hatt lekkasjar frå taket. Lufthamnsjefen ynskjer også å utvide terminalbygningen.

Foto: Stord lufthamn

Den vesle flyplassen på Stord ligg midt mellom dei langt meir travle lufthamnene i Bergen og Haugesund.

Herifrå går det fly til Oslo seks dagar i veka, og til Danmark om sommaren. I 2018 reiste 31.106 personar til og frå Gardermoen, ein auke på 45,8 prosent frå 2017.

Men kontrolltårnet er i dårleg forfatning, og flyplassen treng meir plass i terminalbygget til tryggleikskontrollen.

Sunnhordland lufthamn AS har difor bedt eigarane om 18 millionar til oppgradering av flyplassen.

Seier ja, trass fleire flyreisande

Stord kommune, som eig 79 prosent, har allereie sagt ja til eit lån på dryge 14 millionar.

Vestland fylkeskommune er bedt om å stille opp med resten.

I sakspapira skriv fylkesrådmannen at det kan føre til meir flytrafikk og meir klimagassutslepp, men rår likevel politikarane til å sei ja til søknaden.

Miljøpartiet Dei Grøne har programfesta at flytrafikken ved flyplassen må ned. Men då saka var oppe i kommunestyret på Stord, sa dei likevel ja til utbygginga.

– Vi tenker heile tida på at vi må kutte utslepp, men næringslivet seier dei treng flyplassen. Så då får vi eit dilemma, seier kommunestyrerepresentant for MDG, John F. Tonnesen.

John F. Tonnessen, Stord MDG

DILEMMA: MDGs kommunestyrerepresentant var i tvil om det var rett å satse på flyplassen, men landa på ja. – Målet no er at den skal vere med å «pushe» utviklinga i rett retning​​​​​​​, seier John F. Tonnesen

Foto: PRIVAT

Vil ha fleire passasjerar

Lufthamna er mellom anna viktig for Kværner Stord, men private reiser har auka dei siste åra, fortel lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Han håper ei utviding og oppgradering av flyplassen vil gi endå fleire reisande i åra framover.

– Vi skulle gjerne fått til fleire avgangar til Oslo, særleg på torsdagar. Vi har tidlegare hatt mange som reiser i samband med jobb, men det gledelege no er at også fleire nyttar nærflyplassen sin privat, seier Myklebust.

Jan Morten Myklebust

POSITIV: Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust vil prøve å kome politikarane i møte, men utsleppa frå flytrafikken får han gjort lite med på kort sikt.

Foto: Kristine B Barane/NRK

Ber om utsleppskutt

Om oppgraderinga av flyplassen gir fleire reisande, kan det bety større klimautslepp.

Løysinga for MDG-politikaren blei å få med resten av kommunestyret på klimaønske til flyplassen, dei same som fylket no føreslår.

Politikarane ber om at:

  • Nytt tårn blir bygd med minimalt av klimaavtrykk, det vil seia lågast mogleg Co₂-utslepp og med miljøvenlege materialar.
  • At det blir jobba aktivt for at utslepp frå flytrafikken blir redusert.

Men korleis den vesle flyplassen skal få til det siste punktet, har ikkje politikarane svar på.

– Vi håper dei vil vere proaktive og få til ei prøveordning med elektriske fly. Eller optimalisere flygingane slik at ein ikkje flyr med tomme fly, seier Tonnesen i MDG.

Vanskeleg å kutte utslepp

Lufthamnsjefen er positiv til klimaønska frå politikarane, men å kutte i utsleppa frå flytrafikken, trur han blir vanskeleg.

– Det er ikkje så lett for oss. Det er helst flyoperatøren som må ta grep der, seier Myklebust.

Han trur det er lenge til det blir mogleg for dei å kutte i utsleppa frå flytrafikken, særleg sidan el-fly på kortbanenettet er eit stykke fram i tid. Nyleg sa Avinor-sjefen at han trur på el-fly frå Oslo til Bergen om ti år.

– Det tar nok 10–15 år. Men vi vil vere klare til å ta imot flya når dei kjem, med ladestasjonar og tilrettelegging, seier Myklebust.

Byggearbeida kan han derimot kome politikarane i møte på. Myklebust seier dei vil prøve å bygge det nye tårnet med så lite klimaavtrykk som mogleg.

Inngang til flyplass

LITEN: Terminalbygget har ikkje plass nok til tryggleikskontrollen. Lufthamsjefen ber om pengar til å utvide bygget, oppgradere kontrolltårnet og nytt brøyteutstyr.

Foto: Kristine B Barane/NRK

– Viktig for næringslivet

– Vi følgjer vedtaket frå kommunestyret og oppmodar om å få ned klimaavtrykket av både bygginga og særleg flytrafikken, seier Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland.

Vestland fylke skal kutte 100 millionar kroner neste år, og det var difor ikkje opplagt at lufthamna kunne få lån frå fylkeskommunen.

Han rår likevel fylkespolitikarane til å sei ja til å gi eit lån på 3.780.000 kroner.

– Det er ikkje veldig langt frå Stord til Flesland eller Haugesund, men vi har vurdert at dette er viktig av omsyn til næringslivet på Stord.

Lånesøknaden skal handsamast i Vestland fylkesting 17. desember.