Hopp til innhold

Håpar suppe vil stoppe gruveplanar

Demonstrantar vonar fersk fisk frå Førdefjorden vil få politikarane til å stemme nei.

Omlag 100 demonstrantar møtte fram for å syne si misnøye med Nordic Mining sine planar om å starte gruvedrift i Engebøfjellet, då kommunestyret i Naustdal møttest onsdag for å ta stilling til planane.

- Me gjer oss klare til å ta imot politikarane, seier Laila Claussen i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

I tillegg til Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe vil Natur og Ungdom, Naturvernforbundet Indre Sunnfjord og privatpersonar freiste å påverke politikarane til å stemme imot dei svært omstridde gruveplanane til Nordic Mining.

Les òg: Difor skaper gruvesaka i Naustdal så høg temperatur

Les òg: Politikarane i Naustdal trur gruvesaka er avgjort

Serverer fiskesuppe

- Me har med oss både plakatar og lydinstallasjonar, og me skal halde appellar og synge, seier Claussen.

Demonstrantar i Naustdal
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- I tillegg skal me servere fiskesuppe til politikarane når dei kjem hit til kulturhuset. Og fisken kjem sjølvsagt frå Førdefjorden. Me vil syne politikarane kva verdiar som står i fare dersom dei stemmer for at Nordic Mining får starte gruvedrift i Engebøfjellet.

Trur mange vil gå for utsetting

- Me håpar jo sjølvsagt at politikarane seier nei, men eg trur det er meir sannsynleg at saka vert utsett, seier Claussen.