Oppdatert 17.30: Raset er no rydda vekk, og vegen er open for trafikk att.
Ein geoleg var på rasstaden i ni-tida laurdag morgon. Etter at han konkluderte med at det ikkje er fare for nye ras køyrde entreprenøren inn med gravemaskiner og lastebilar.
– Entreprenøren er på plass og kan starte oppryddingsarbeidet så fort han får klarsignal. Men det er uvisst når det kan skje, opplyste trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK laurdag morgon.
– Det har kome ned store steinmassar, og det vil vere stengt ei god tid framover. Dei må få fjerna mesteparten av massane før dei kan sleppe forbi trafikk, forklarar Erikstad.
250 personar isolerte
Det var i sjutida fredag kveld at vegvesenet og naudetatane fekk melding om det store steinraset på fylkesveg 609, nokre kilometer vest for Førde sentrum, i retning Askvoll. Ingen bilar eller personar vart tekne av raset, som gjekk på ein stad der det normalt ikkje går ras.
Opna igjen ved Hundsåna
Hundsåna ved Heilevang er ein rasutsett stad, og store nedbørsmengder gjorde at vegvesenet valde å stengje vegen fredag kveld på grunn av rasfare. Her vart vegen opna igjen laurdag morgon, slik at dei isolerte no har vegsamband via Askvoll og Dale.