NRK Meny
Normal

250 personar framleis utan vegsamband etter ras

Det er uvisst når fylkesveg 609 ved Ulltang vest for Førde vert opna igjen etter at det gjekk eit stort steinras fredag kveld. Vegvesenet opplyser at dei vil gjere ei ny vurdering klokka 12 lørdag.

Ras, Ulltang, fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll

STORT: Fleire hundre kubikk med stein har rast ned ved Ulltang og stenger heile vegbana.

Foto: Statens vegvesen

  • Sjå bilde av raset lengre nede i saka.

– Entreprenøren er no framme og seier at det er fleire hundre kubikk som har rasa ut. Det er store steinar og vegen vert ikkje opna att før lørdag, saJan Erikstad, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK fredag kveld.

Same vegen er også stengd litt lenger ute i fjorden, ved Heilevang. Her er det rasfaren som er årsaka til stenginga. Her vert det vurdert å opne vegen igjen når det lysnar lørdag.

Laster kart, vennligst vent...

TO MIL: Det er om lag to mil frå der steinraset gjekk ved Ulltang, til Hundsåna der Statens vegvesen har vald og stenge vegen i natt grunna rasfare.

Isolert

Vegstengingane fører til at dei som bur i området mellom Heilevang og Ulltang er utan vegsamband til omverda. Det bur kring 250 personar i området, og ein av dei er Kristian Lund Solheim.

Kristian Lund Solheim

ISOLERT: Kristian Lund Solheim bur i Solheimsdalen, ein av plassane som er isolert etter raset.

Foto: Privat

– Eg skal på jobb i morgon. Far min skulle hatt nattevakt i Førde i natt, men vi kjem oss jo ingen veg, seier Lund Solheim til NRK fredag kveld.

Det er store mengder stein i vegbana ved Ulltang, men Statens vegvesen håpar og kunne opne at ved Heilevang laurdag.

– Men om det går ras der i løpet av natta, då har vi eit problem. Men enn så lenge så får vi ta livet med ro. Vi har mat og straumen har ikkje gått enno, men straumen går ofte her, så skjer det blir det ikkje så kjekt, seier Lund Solheim.

Statens vegvesen ser på løysningar for dei som er isolerte.

– Vi ser på alternative løysingar for dei som må ut å køyre, men det må vi komme tilbake til, seier Erikstad.

Ras, Ulltang, fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll
Foto: Statens vegvesen
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.