Hopp til innhold

GB Drift blir til Vidre

Ein knapp månad etter at det vart stifta, skiftar GB Drift AS i Stryn namn til Vidre.

Vest Buss i Stryn

NYTT NAMN: GB Drift i Stryn blir til Vidre.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Måndag starta produksjonen av dei første bussane ved fabrikken i Stryn, etter at verksemda vart lagt ned i fjor.

Bestemt tysdag

GB Drift vart etablert 4. januar og tok over produksjonsmidlar, konsept og tilsette frå Vest Buss Industri. Selskapet som no endrar namn til Vidre er dotterselskap av Gode Busser Holding.

  • Kva tykkje du om det nye namnet? Skriv det du meiner i kommentarfeltet under.

– Vi har hatt bistand frå designbyrået Farmhouse her i Stryn. Namnet vart bestemt i styremøte og ekstraordinær generalforsamling i selskapet tysdag, seier dagleg leiar Jon-Rune Heimlid.

Inspirert av vêrgud

Tida frå avgjerd til offentleggjering har vore nytta til mellom anna å registrere domene, oppdatere offentlege register og varemerkeregistrering for det nye selskapet.

– Vidre er inspirert av namnet på den norrøne guden Vidrir som er vêrguden. Vidrir er også eitt av Odin sine mange namn og blir karakterisert som eit av dei mest alminnelege og betydningsfulle namna hans, seier Heimlid.

Han forklarer at namnet passar godt sidan dei byggjer bussar som er tilpassa og eigna for nordisk klima.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Jobbar med å lage logo

Heimlid meiner også at namnet gjev assosiasjonar til ordet «vidare».

– I tida framover blir det jobba vidare med å utvikle logo, grafisk profil, heimesider og kommunikasjonsstrategi for selskapet. Det vil også bli ei offisiell markering og opning i slutten av mars, seier han.