Hopp til innhold

Ny bussproduksjon i Stryn

Lokale investorar har i dag blitt samde med Vest Buss Industri og startar opp produksjon av spesialbussar i Stryn.

Vest Buss AS

KLART FOR NY PRODUKSJON: Måndag vart det klart at det også til neste år vil bli produsert bussar i Stryn.

Sidan Vest Buss Industri bestemte seg for å avvikle produksjonen av bussar i Stryn har lokale investorar jobba med å få til ny produksjon.

Og i dag har dei lokale investorane blitt samde med Vest Buss Industri om å kjøpe aktiva og rettar knytta til deler av bussproduksjonen i selskapet. Det er i tillegg blitt etablert eit holdingselskap, skriv investorane i ei pressemelding.

Investorgruppa vil starte opp ny bussproduksjon i januar neste år, og vil gradvis auke produksjonen utover året. Dette betyr at Norge også i framtida vil ha bussproduksjon.

Tidlegare tilsette får fortsetje

Det var i slutten av oktober det vart klart at Norges einaste bussprodusent ville leggje ned produksjon og over 100 personar miste jobben. I dag kom nyheita som gjer at fleire kan sjå med lysare auge på framtida.

- Det var godt å få ei avklaring no. Usikkerheita har naturleg nok vore stor mellom dei tilsette etter meldinga om nedlegging tidlegare i haust. No kan deler av arbeidsstokken sjå fram til å mønstre på eit nytt selskap, og dei vil og bli invitert med på eigarsida, det seier Jon-Rune Heimlid.

Han er i dag er administrerande direktør i Vest Buss Industri AS vert leiar for den nye verksemda.

- Det er viktig å kunne ta vare på og vidareutvikle kompetansen på karosseribygging som har vore utvikla i området vårt over lang tid. No set vi ny kurs framover og ser med spenning og forventning fram til å teste responsen i marknaden, seier Heimlid vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vest Buss - produksjon

FÅR BEHALDE JOBBEN: Ifølgje investorgruppa kan fleire av dei tidlegare tilsette igjen få arbeid med å byggje bussar i Stryn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Satsar på spesialbussar

Då Vest Buss Industri AS i slutten av oktober slapp nyhenda om at det er slutt på bussproduksjonen i Stryn sa dagleg leiar Per Dag Nedreberg at dei ikkje makta å tene pengar på drifta.

– Ein har i år hatt to stogg i produksjonen med permitteringar, og ein står i fare for å gå inn i ein ny stopp. Vi ser også at det er vanskeleg å drive bussproduksjon i Norge, sa Nedreberg til NRK.

Investorane på si side har heile tida meint at det er mogleg å tene pengar, men at dette må skje på ein annan måte enn før.

- Den nye verksemda vil legge ein strategi der ein omstiller produksjonen til spesialbussar, som er eit område miljøet i Stryn har god kompetanse på. For å få dette til må drifta leggast på eit redusert nivå i forhold til tidlegare år, både målt i antal bussar og i antal tilsette, seier Arild Bødal som er påtroppande styreleiar og representant for investorgruppa.

47 bussar neste år

- Vi er godt nøgde med å ha fått til ei løysing for oppstart av ny bussproduksjon i Stryn. Dei nye eigarane har både industrikunnskap og finansiell styrke, og bør ha gode forutsetningar for å lukkast med den nye strategien, seier administrerande direktør Per Dag Nedreberg i Vest Buss Gruppen.

Investorgruppa som tek over drifta har budsjettert med produksjon av 47 bussar neste år, med ein auke til 56-57 bussar i 2012, det skriv Fjordingen på sine nettsider.

I starten er det tenkt at satsinga på ny bussproduksjon kan sysselsetje mellom 45 og 50 tilsette.