Hopp til innhold

Positiv til ny drift i Vest Buss

Det vil vere mogleg å starte ny bussproduksjon i Stryn. Det meiner Per Dag Nedreberg som er administrerande direktør i Vest Buss AS i Stryn.

Video Vestbuss startar opp att

- Om dei nye investorane kan berge nokon arbeidsplassar og skape nye ting framover, så synst eg det er positivt, seier Nedreberg.

Investorar glade for positive signal

Vedtaket om å leggje ned bussproduksjonen ved Vest Buss AS kom som eit sjokk på det vesle Stryne-samfunnet for snart ein månad sidan. Over 100 tilsette vil på nyåret stå utan arbeid, og i eit område det på ingen måte er flust med nye jobbalternativ.

Nye interessentar jobbar hardt for å starte ny produksjon. Fylkeskommunen har no gått inn med 2 millionar kroner til Nye Vest Buss Industri.

Arild Bødal, som leiar gruppa som arbeider for å starte opp att bussproduksjonen, er svært glad for signala frå Nedreberg.

- Det er veldig positivt at han har tru på planane våre, seier Bødal.

Avhengige av løysing med Vest Buss

Vest Buss - produksjon

Styret i Vest Buss bestemte seg i oktober for å avvikle produksjonen av bussar i Stryn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han seier dei har arbeida over tid med å få på plass finansiering for å starte opp ny verksemd med basis i tidlegare Vest Buss.

- Det er klart vi er avhengige av å få til ei løysing og ei skisse som involverer tidlegare eigar. Vi må ha tilgang til både produksjonsmidlar, konseptet og elles det som skal ti for å kunne starte opp ei ny, men nedskalert produksjon, seier Bødal.

Vest Buss har ein avtale med Irisbuss. Dei eventuelt ny drivarane vil stå mykje friare i høve marknaden ifølgje Nedreberg.

- Dei vil ha høve til eit breiare kundegrunnlag i og med at dei er meir uavhengige av leverandørane av chassis, seier Nedreberg.