Hopp til innhold

Nye Vest Buss får 2. mill i lån

Fylkeskommunen går no inn med to millionar kroner i lån til den nye investorgruppa, Nye Vest Buss Industri.

Vest Buss - produksjon

Fylkeskommunen går inn med to millionar kroner i lån til den nye investorgruppa, Nye Vest Buss Industri.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, seier investorane er seriøse.

- Det verkar på oss å vere eit godt gjennomarbeidd prosjekt med gode folk bak. Det er ein god del lokalkapital i botn og vi har tru på opplegget, seier Heggheim.

Han viser vidare til at fylkeskommunen på bakgrunn av dette har gått inn for at dei før bidra med eigenkapital no. På eit møte tidlegare denne månaden lova fylkeskommunen at dei ville hjelpe.

Viktig å halde hjula i gang

For tre veker sidan fekk dei 111 tilsette ved Vest Buss i Stryn beskjed om at dei ikkje vil ha ein jobb å gå til i framtida.

Prosessen med å legge ned produksjonen av bussar er allereie starta, men no har nye investorar kome på bana, og fylkesutvalet har gitt dei eit lån på to millionar kroner.

- Når du skal avvikle ein type produksjon og kanskje starte opp med noko nytt, så er det viktig at ein held ting i gang heile tida. Difor føler vi det er viktig å handle fort, og såleis bidra økonomisk, seier Heggheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vest Buss AS

Det er håp om at nye investorar skal klare å starte opp att produksjon i lokala til bussprodusenten Vest Buss i Stryn. Det er snakk om produksjon i mindre skala.

- Vi har trua på prosjektet

Men fylkesdirektøren for næring vil ikkje sei kven dei nye investorane er.

Etter det NRK kjenner til skal personane bak det som blir kalla Nye Vestbuss Industri vere underleverandørar og tilsette ved fabrikken.

- Viss det er ei rekkje privatpersonar som vil skyte inn høvesvis mykje kapital for å få dette til, er det det beste beviset vi kan få. Vi har tillit til dei konklusjonane investorane har gjort, seier Heggheim vidare.

- Er det snakk om ny produksjon slik det tidlegare har vore ved Vest Buss?

- Nei, produksjonen vert ikkje så omfattande. Det er produksjon i mindre skala, seier Heggheim.

Ingen avtale på plass

NOMEK var ein av dei største underleverandørane til Vest Buss.

Arild Bødal, som er styreleiar i NOMEK stadfestar at ei gruppe investorar jobbar med å gå i gang ny produksjon. Bødal vil ikkje la seg intervju, men seier dei håpar å få på plass ein nedskalert nisjeproduksjon.

Bødal presiserer at dei er i ein svært tidleg fase, og at dei enno ikkje har noko avtale med dagens eigarar av Vest Buss.