Gamlekeeperen straffa Sogndal

Cupeventyret er over for Sogndal etter 4-5 på straffekonkurranse mot Brann i Bergen.

Piotr Leciejewski takkar tidlegare lagkamerat Mats Solheim for kampen.

TAKK FOR KAMPEN: Brann-keeper Piotr Leciejewski takkar tidlegare lagkamerat Mats Solheim for kampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter 1-1 ved ordinær tid, og 2-2 etter ekstraomgongar, makta brannspelarane å halde hovudet kaldt under straffesparkkonkurransen.

For Sogndal stoppa dermed årets cupreise i 4. runde.

- Før straffekonkurransen tok eg Kenneth Udjus i handa og sa det hadde vore ein god kamp, men at eg ville komme til å gå sigrande ut av den, seier Piotr Leciejewski.

«Viste fingeren»

Polakken gjekk før årets sesong frå Sogndal til Brann. Motsett veg gjekk Kenneth Udjus. I Sogndaltrøya redda han fem-seks straffespark. Mot tidlegare lagkameratar vart han avgjerande for Brann med to strafferedningar i straffekonkurransen.

– Eg hadde ei veldig god kjensle før straffekonkurransen. Det er ei god kjensle at vi sigrar, seier spelaren som i løpet av kampen også hissa på seg sine tidlegare supporterar med å «vise dei fingeren» etter at dei bua då polakken vart kåra til heimelagets beste spelar.

Etter kampen vedgjekk at han ikkje burde gjort det.

- Eg ynskjer å seie unnskyld til Sogndal-fansen. Det var tåpeleg, og eg burde ikkje gjort det. Slikt skal ikkje skje. Eg var i Sogndal i tre år, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video NM 4. runde: Brann-Sogndal

SJÅ HØGDEPUNKTA: NM 4. runde: Brann-Sogndal

– Fortente å vinne

For Sogndal-trenar Harald Aabrekk, var det tungt å reise frå Bergen etter sitt andre tap på to veker. Brann opna best den første halvtimen, men så tok Sogndal over. Ti minuttar før kvilen dunka Even Hovland lærkula i nettmaskene frå 20 meter.

Leiinga stod seg til tre minutt før full tid, då Diego Gustavino utlikna. Ole Jørgen Halvorsen kom frå benken like før slutt. I første ekstra omgang sende han Sogndal i føringa att frå krittmerket. Med berre fire minutt att av ekstraomgangane, utlikna Chukwuma Akabueze Bentley.

– Eg er utruleg lei meg på spelarane sine vegne. I dag hadde vi fortent å vinne. Eg tykkjer synd på spelarane. Dei gjorde ein veldig god jobb og var taktisk kloke, seier han.

– Dommaren avgjorde

Sogndal har gjennom sesongen produsert lite sjansar. Mot Brann seier det meste at Piotr Leciejewski vart kåra til heimelagets beste keeper.

Den tidlegare Brann-trenaren var lite nøgd med dommar Dag Vidar Hafsås si avgjerd då Per Egil Flo vart dytta overende før 2-2 målet.

– Eg er mest oppteken av målet der han blir dytta vekk med strake armar, og dommaren godkjenner det. Det er eit kjempefrispark. Eg meiner det ikkje må vere dommaren som avgjer kampen, seier han.

– Det var 50/50

– Er det slik at du meiner at dommaren avgjorde kampen?

- Det er eit klart frispark må det dømmast på. Eg tykkjer det er litt trasig. Vi er det klart beste laget utpå her. Det var ei hårreisande avgjerd, meiner han.

Leciejewski vil ikkje vere med på diskusjonen om kven som var best på grasmatta.

– Det betyr ikkje noko om vi fortener det eller ikkje. Eg følte vi burde vunne mot Aalesund, men det gjorde vi ikkje. Dette er fotball, kven som er heldige eller ikkje avgjer, seier han.

– Meiner du at de var heldige?

– Vi spelte bra, vi var ikkje dårlegare enn sogndal. Vi skapte begge sjanser og begge lag kunen vunne. Det var 50/50, seier han.