Hopp til innhold

Så lenge var Sogndal i paradis

Sogndal leverte truleg årsbeste, men måtte sjå bergenserane gå sigrande ut av cupdramaet på Brann stadion.

Kim Ojo avgjerd cupkampen for Brann.

AVGJERDA: Ein liggjande Kenneth Udjus konstaterer at Kim Ojo har sendt Brann vidare i cupen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er frykteleg surt. Vi hadde det i vår hule hand to gonger, men makta ikkje stå det heilt inn, resignerer keeper Kenneth Udjus.

Fekk revansje

Mot Brann for to veker sidan gjorde både Udjus og Cato Hansen personlege feil som resulterte i 0-2 tap. Onsdag var dei tidlegare brannspelarane berre minuttar frå å slå gamleklubben ut av NM-cupen. Mykje takka vere Udjus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Udjus

SURT: Kenneth Udjus måtte sjå gamle lagkameratar ta seg vidare i cupen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Heimelaget sleit stort med å overliste han, men etter straffesparkkonkurransen var cupeventyret over.

– No får vi i alle fall sett fokus på serien, og litt færre kampar. Cupen er artig, men serien betyr alt for oss. No er vi ute, så det er ikkje meir å tenkje på.

- Utruleg surt

Brann vann straffedramaet 5-4. Gjestene frå saftbygda leia fullt fortent 1-0 til pause etter ei kjempescoring av Even Hovland. Diego Guastavino utlikna tre minutt før slutt, før Ole Jørgen Halvorsen sende Sogndal attende i føringa frå krittmerke i første ekstra omgang.

Leiinga stod seg til fire minutt før slutt, då Bentley sytte for straffesparkkonkurranse.

– Kor surt? Det er utruleg surt. På ein skala frå ein til ti, så er dette ti. Det er lit som mot Follo borte i fjor. Einaste skilnaden er at vi kan ta med oss ein god prestasjon når skuffelsen har lagt seg. Eg satsar på at den er vekke i morgon, sjølv om den truleg ikkje er det, seier ein skuffa Halvorsen.

Skulle hatt frispark

– Vi kjem her i dag og får oss ein ekstra kamp i eit allereie tett kampprogram. Vi legger ned veldig mange minutt og burde komme frå dette med avansement, seier Udjus og er tydeleg skuffa over å ha tapt for gamle lagkameratar i Brann.

I tillegg til tre av straffesparka, måtte han plukke to ballar ut av nettet.

– Vi klarer ikkje støte tidleg nok på det første, og Diego får veldig godt treff i hjørnet. På andre målet føler eg vi skulle hatt frispark i situasjonen før. Ein ball blir stussa frå Ojo, så blir Per Egil dytta i ryggen og Bentley får stå att og score målet, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video NM 4. runde: Brann-Sogndal

SJÅ HØGDEPUNKTA: NM 4. runde: Brann-Sogndal

– Ingen fordel

Medan Udjus ser eitt lite lyspunkt i at cupeventyret no er over, og at Sogndal kan fokusere på seriespelet, ser trenar Harald Aabrekk ingen fordelar med cup-exiten.

– Det er ikkje noko fordel å vere ute av cupen. I dag hadde vi fortent avansement, men eg er utruleg stolt av gutane i dag, seier han.