Hopp til innhold

Gamalt flyvrak dukka fram på Jostedalsbreen

I 1972 styrta eit fly på Jostedalsbreen. Det vart borte. Inntil no.

Flyvraket på Jostedalsbreen 1972

49 ÅR: For 49 år sidan vart flyvraket slukt av ismassane på Jostedalsbreen. No har det titta fram att.

Foto: ukjent

I 1972 flaug kommuneveterinæren i Jølster, Søren Toubro, frå Sogndal og nordover.

Dagen etter skulle han få A-sertifikat for einmotorsfly.

Siste gong han gav lyd frå seg, var klokka 13.08 over Fjærlandsfjorden, som ligg rett ved Jostedalsbreen.

Det var lågt skydekke og skodde over breen, og kort tid etter såg veterinæren døden i kvitauget.

Han vart funnen død fire dagar seinare. Fastklemt i eit flyvrak som stod planta med nasen i isen.

Flyvraket på Jostedalsbreen
Foto: ukjent

Havarirapporten konkluderte med at Toubro truleg vart utsett for ein «whiteout», som gjer at han ikkje kan sjå skilnad mellom breen og skyene.

Kroppen til Toubro vart frakta ned att av eit redningshelikopter, men dårleg vêr gjorde at flyrestane måtte liggje att til seinare.

Men tida gjekk, og snart var flyet slukt og kapsla inn av breen. Borte for all tid.

Inntil no. 49 år seinare.

Faksimile Firda, 13. juni 1972

1972: Faksimile i Firda, 13. juni 1972.

Foto: Faksimile / Firda

– Visste nesten ikkje kva fot eg skulle stå på

For i september var den tyske turisten Hannes Bleibaum ute og gjekk.

Ved foten av Bøyabreen, ein av «armane» til Jostedalsbreen, kom han over fleire vrakrestar. Dei leverte han til Norsk bremuseum i Fjærland.

– Eg visste nesten ikkje kva fot eg skulle stå på, seier Anne Mundal Skjelten ved bremuseet, som tok imot han.

bøyabreen flyvrak

VRAKRESTAR: Anne Mundal Skjelten og Pål Hage Kielland har i alt funne 50 vrakrestar. Trykket i isen gjer at flyet ikkje lenger er intakt.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ho og kollega Pål Hage Kielland vart med tilbake til funnstaden. Der har dei i alt funne 50 vrakrestar. Trykket i isen gjer at flyet ikkje lenger er intakt.

– Det er skikkeleg kult. Vi har høyrt om dette flyet i 49 år no, seier Kielland.

– Vi har kjend oss som gullgravarar, seier Skjelten.

Atle Nesje er styreleiar for Norsk bremuseum. Han har venta lenge og seier «det er kjekt å sjå» at flyet endeleg er funne.

– Folk i Fjærland har lenge hatt eit håp om at restane ein dag skulle kome fram, seier han.

Faksimile BT 1994

Faksimile av Bergens Tidende, 1994

Foto: Faksimile / BT

Som ei stor, frosen elv

Allereie i 1994 varsla Bergens Tidende at Jostedalsbreen før eller sidan vil «føde» eit fly.

Det skuldast at isbrear alltid er i bevegelse. Snøen som legg seg på toppen blir til is, som sig langsamt ned og fram mot brefronten.

bøyabreen flyvrak

FARGEN DEN SAME: Flyet i isen må ha vandra mellom 90 og 100 meter kvart år, seier Kielland.

Foto: Steinar Lote / NRK

Funnstaden er mange kilometer unna der flyet styrta.

– Ein bre er som ei stor, frosen elv. Vi har rekna ut at flyet må ha vandra mellom 90 og 100 meter kvart år, seier Kielland.

Han legg til at funnet kan bidra til ny kunnskap om breane og korleis dei beveger seg.

Neste steg blir å lage ei utstilling av flyet, eller iallfall restane av det.

– Vi skal jobbe med det gjennom vinteren, seier Skjelten.

Det er ikkje fyrste gong NRK fortel om isen som tidskapsel. Om isen som tek, og isen som gir.

I 2019 vekte det forundring då ei hestetruge og ei øskje dukka opp i Breheimen nasjonalpark.

I ei isfonn i Reinheimen vart det funne ei 1300 år gammal ski.

For 49 år sidan vart flyvraket slukt av ismassane på Jostedalsbreen. No har det titta fram att.

Anne Mundal Skjelten og Pål Hage Kielland Norsk bremuseum med restar av flyvraket i hendene.

Foto: Norsk bremuseum
Her finner arkeologene en unik eske på en isbre i Breheimen nasjonalpark. Foto: Andreas Christoffer Nilsson.

Her finn arkeologane ei unik eske på ein isbre i Breheimen nasjonalpark. Foto: Andreas Christoffer Nilsson.