Hopp til innhold

Varsla om at pasientar må legge seg klokka 17. No opnar fylkeslegen tilsyn

Frå nyttår har det kome inn 73 avvik ved den aktuelle sjukeheimen i Kvinnherad. No skal omsorgstenesta i kommunen under lupa.

Ekstraordinært formannskapsmøte i Kvinnherad

TILSYN: Ordførar Hans Inge Myrvold kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte etter alvorlege uromeldingar om eldreomsorga i Kvinnherad.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Vi vil be kommunen om å gjere greie for innhaldet i det som har kome fram i media, og så må vi ta stilling til opplysningane vi får om korleis vi skal behandle saka vidare, seier Linda Svori, assisterande fylkeslege i Vestland.

På eit møte torsdag tok fylkeslegen opp innhaldet i oppslaga som har vore i media som gjeld sjukeheimane i Kvinnherad kommune.

I sist veke fekk fleire lokalpolitikarar uromelding av ein sjukeheimstilsett.

I meldinga viser vedkomande til uforsvarleg drift, at pasientar ikkje mottek forsvarleg helsehjelp, og at pasientane må legge seg klokka 17.

No er det avklart at fylkeslegen opnar tilsyn for å undersøke saka nærare.

– Når vi får slike oppslag i media, så må vi diskutere om det er gode grunnar for oss å gå inn i saka for å få den betre opplyst, og det kom vi fram til her, seier Svori.

Assisterande fylkeslege Linda Svori

Assisterande fylkeslege, Linda Svori.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ønskjer fylkeslegen velkomen

Ordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp) meiner det er godt at fylkeslegen opnar tilsyn.

– Det viser at systemet rundt oss følgjer med, og ikkje minst så vil vi gjerne få inn litt andre auge på den situasjonen vi no lokalt prøver å handtere på best mogleg måte, seier Myrvold.

Han ønskjer fylkeslegen velkomen til Kvinnherad.

– Vi skal prøve å bidra med alt vi kan. Og så er det viktig at fylkeslegen får gjort ein god jobb i det tilsynet som dei no vil gjennomføre, seier ordføraren.

Ekstraordinært formannskapsmøte i Rosendal, Kvinnherad

Formannskapet i eit ekstraordinært møte for å diskutere eldreomsorga i kommunen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kalla inn til møte i kommunen

Torsdag kveld hadde Kvinnherad eit ekstraordinært formannskapsmøte etter alvorlege uromeldingar om eldreomsorga i kommunen. Her måtte administrasjonen orientere om situasjonen ovanfor formannskapet.

Der kom det fram at frå nyttår – i løpet av sju veker – har det kome inn 73 avvik ved den aktuelle sjukeheimen i kommunen.

– Avvik kan vere så mykje og har ulike graderinga. Når 10 prosent av dei 73 er av den alvorlegaste grad av avvik, så uroar det meg, seier ordføraren.

Han trekker fram at ein ser at det har vore utfordringar knytt til å få tak i riktig kompetanse, tilstrekkeleg med folk og at tilsette er utslitne.

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, Kvinnherad kommune.

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik kunne informere at samtlege avvik er handtert, tiltak sett i verk og lukka.

Foto: Tale Hauso / NRK

Avvika er handtert

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik seier at dei var førebudd på at det ville kome eit tilsyn, og vil stå klar til å gje svar. Om avvika seier ho at samtlege av dei 73 avvika er handtert, tiltak er sett i verk og er lukka.

– Innhaldet i noko av det som er beskrive i uromeldinga kjenner vi oss igjen i, og vi ser at dette er allereie handtert, seier Bjerkvik.

På det ekstraordinære formannskapsmøtet vedtok kommunen at dei no skal revidere fordelinga av økonomien i omsorgstenesta.