Hopp til innhold

Varslar: «Vi jobbar oss sjuke, og pasientane får ikkje den hjelpa dei treng»

I Kvinnherad har det dukka opp varslar om eldreomsorga. Varsla fortel mellom anna om pasientar som må legge seg klokka 17 og grinande pasientar som ikkje får hjelp.

Husnes Storsenter
Foto: Aerophoto

«Eg ser pasientar som gret og høyrer dei ropar, dei har ringt på alarmen sin, men ingen kjem.»

Det skreiv ein tilsett ved ein sjukeheim i Kvinnherad i Vestland til lokalpolitikarar denne veka.

Avisa Kvinnheringen gir att fredag ei lengre melding som pleiaren sende til fleire politikarar før kommunestyremøtet torsdag.

Der hevdar vedkomande at lovar blir brotne og at pasientar ikkje mottar forsvarleg helsehjelp.

Vidare meiner den tilsette at kommunen overser varslingar om uforsvarleg drift av sjukeheimar etter fleire år med budsjettkutt.

«Vi jobbar oss sjuke, og pasientane får ikkje den hjelpa dei treng», skriv pleiaren.

Den tilsette fortel om «pasientar som blir lagt i senga si kl. 17 fordi personalet ikkje har kapasitet til å legge alle seinare på kvelden», om dei som ikkje får hjelp til å dusje på fleire veker, ikkje får i seg mat, eller ikkje får smertelindringa raskt nok.

Pleiaren fortel også om møte med fortvila kollegaer som gret fordi dei er for få på jobb.

Ordføraren tek tak

Ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) seier til NRK at han tok umiddelbart kontakt med avsendar då han fekk meldinga onsdag kveld.

– Eg opplevde meldinga som veldig tydeleg og viktig, seier Myrvold.

Han tok saka opp i kommunestyremøtet og dei blei samde om å kalle inn til eit ekstraordinært møte i formannskapet med alle gruppeleiarane og administrasjonen i løpet av halvannan veke.

– Dette vil vi ta tak i. Det er viktig å få klarleik i ein del av påstandane som er fremja, og at pengane vi er sett til å forvalte gagnar lokalsamfunnet på best mogleg måte. Folk må få tenestene dei har krav på. Det kan vere behov for å samtale godt med administrasjonen på korleis eventuelle endringar i organisasjonen treff, seier ordføraren.

Skuffa varaordførar

Varaordførar Hilde Enstad (Ap) seier til Kvinnheringen at fleirtalspartia har hatt som mål å redusere talet på leiarar og merkantilt personell.

No er ho skuffa over at administrasjonen i staden har sendt «oppseiingsvarsel til iallfall 60 tilsette i andre stillingar».

– Då har ikkje vi fått formidla budsjettvedtaket godt nok til administrasjonen som skal følga opp, og det ønsker eg å gi ei tydeleg melding til kommunedirektøren om. Det var ikkje pleiaren som gir mat til ei bestemor eller ein bestefar som skulle gå. Vi trudde ikkje det var nødvendig med noko detaljstyring, seier Enstad oppgitt til avisa.

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik seier dei er i ei krevjande omstilling og at ho har halde seg til teksten i budsjettvedtaket.

– Det er ikkje anten eller, eller éi oppskrift. Vi må finna dei aktuelle og moglege løysingane, seier kommunedirektøren til Kvinnheringen.

Vurderer å endre på budsjettet

Til NRK seier ordføraren at han framleis har tillit til kommunaldirektøren.

– Har de gitt ein for dårleg beskjed til dei når dei ikkje kuttar leiarar, men på folk på golvet?

– Vi opplever at våre vedtak blir tekne på alvor og følgd opp på ein god måte. Samtidig er det viktig at vi folkevalde heile tida følger opp, seier Myrvold.

Han peikar på at dei hadde tøffe budsjettrundar før jul og har måtta kutte i eit stadig strammare budsjett.

– Det er alltid krevjande når vi over tid har sett at både ekstrainntekter og rammeoverføringar har avgrensa handlingsrommet vårt. Det er tøft å drive kommune.

Ordføraren seier møtet kan føre til at dei vil justere eller omprioritere i kommunebudsjettet for i år.

– Det kan godt hende vi etter møtet vil be om ei budsjettrevisjonssak til neste kommunestyremøte.