Hopp til innhold

Fylkeslegen om drapet i Nattlandsveien: – Drapsdømde fekk forsvarleg helsehjelp

Familien meiner den dømde sonen burde vore tvangsinnlagd før knivdrapet i Bergen. No slår Fylkeslegen i Vestland fast at 37-åringen fekk forsvarleg helsehjelp.

Drap og drapsforsøk i Nattlandsveien mars 2019

DRAP: Krimteknikarar og politibetjentar på plass utanfor leilegheita i Nattlandsveien, der ei 63 år gamal kvinne vart drepen natt til 12. mars 2019.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Sjølv om utfallet i saka er djupt tragisk, kan vi ikkje sjå at helsepersonellet hadde grunnlag for å kunne føresjå valdshandlinga, skriv Fylkeslegen i Vestland i ei pressemelding.

Fylkeslegen har granska fleire ulike aktørar i helsevesenet etter drapet i Nattlandsveien i Bergen i fjor.

Sjubarnsmora Maeda Al-Amaa (63) vart knivdrepen av sonen sin natt til 12. mars 2019. Mannen hennar (60) vart også utsett for fleire knivstikk frå sonen.

Tidlegare i mars vart den 37 år gamle mannen dømd til tvungent psykisk helsevern for drapet og drapsforsøket i leilegheita på Landås i Bergen.

Sakkunnige som vitna i rettssaka meiner 37-åringen lir av paranoid schizofreni og over lenger tid har hatt vrangførestillingar.

Han var difor psykotisk under ugjerningane og kan ikkje straffast med fengsel.

Helga Arianson, fylkeslege i Hordaland

FYLKESLEGE: Helga Arianson, fylkeslege i Vestland, har fatta vedtak i saka.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Forsvarleg helsehjelp

Fylkeslegen har fatta to vedtak i det utvida tilsynet. Både ambulansetenesta i Helse Bergen og Bergen legevakt (kommunal), meiner fylkeslegen at gav mannen forsvarleg helsehjelp.

Fylkeslegen har også granska om divisjon for psykisk helsevern i Helse Bergen svikta i sin oppfølging av 37-åringen, men også her slår dei fast at det ikkje er brot på kravet om forsvarleg helsehjelp.

Det var ikkje mogeleg å føresjå valdshandlinga, skriv Fylkesmannen. I tilsynet har dei snakka med helsepersonell som har vore involvert, gjennomgått pasientjournal og ambulanselogg.

– Ut ifrå opplysningane i saka, meiner vi at vurderingane helsepersonellet gjorde ved Bjørgvin DPS, AMK og Bergen legevakt var grundige, adekvate og godt dokumenterte, skriv fylkeslegen.

NRK har i fleire saker fortald om korleis dei etterlatne i familien har prøvd å skaffe 37-åringen hjelp, og korleis dei opplevde oppfølginga frå helsevesenet berre veker før drapet:

  • Den yngre broren har til NRK fortald at han 15. februar 2019 ringde til det distriktspsykiatriske sjukehuset som sist hadde ansvaret for oppfølginga av 37-åringen. Då fekk han vite at oppfølginga var avslutta.
  • 21. februar 2019, knappe tre veker før drapet, tilkalla familien ambulanse til leilegheita i Nattlandsveien. Etter ein lengre prat med 37-åringen, ifølge familien i nær ein time, reiste dei att utan å ta han med seg.
  • 22. februar 2019, på natta, tok veslebroren med seg 37-åringen til Bergen legevakt for å få han tvangsinnlagd, utan å lukkast.

Fylkeslegen i Vestland bestemte seg først for å opne tilsynssak mot Helse Bergen, divisjon for psykisk helsevern. Granskinga vart i februar 2020 utvida til å også gjelde ambulansetenesta og Bergen legevakt.

Bistandsadvokaten til familien, Thom B. Haaland, seier at familien er svært skuffa over konklusjonen.

– Det er vanskeleg for meg å forstå at divisjon for psykisk helsevern har meint at han ikkje har innsikt i eigen sjukdom, og ikkje reagerer når han ringer og seier han vil slutte på medisinar. Viss fylkeslegen meiner at det er forsvarleg behandling, kva var det tidlegare då dei gjorde tiltak mot han, spør Haaland.

Maeda

DREPEN: Maeda Al-Amaa blei funnen drepen i ein leilegheit i Nattlandsveien i Bergen, 12. mars 2019.

Foto: Privat

– Treng behandling «over fleire tiår»

Sidan 2014 har den no drapsdømde mannen vore innlagd på psykiatrisk sjukehus fem gonger.

I rettssaka i Bergen tingrett vart det lagt fram politiloggar frå 2016, der 37-åringen skal ha truga med å drepe mora og andre familiemedlemmer.

I dommen kjem det fram at dei sakkunnige meiner det vil vera naudsynt med behandling og støtte frå helsevesenet i lang tid, kanskje «over fleire tiår».

Sjølv meiner den dømde at det var ein annan mann i leilegheita som utførte drapet på mora og forsøkt å drepe faren. Han nekta straffskuld under rettssaka, og hevda også at dei to fornærma i saka ikkje var foreldra hans.

Bergen tingrett meiner det er bevist at det ikkje var andre i leilegheita og at det er funne fellande DNA-bevis på to knivar som vart brukt til drapet og drapsforsøket.