Hopp til innhold

Tiltalt for å ha drepe mora i psykose – no blir undersøkinga av helsevesenet utvida

Fylkeslegen i Vestland granskar om fleire aktørar i helsevesenet samtidig svikta drapstiltalt mann (37), berre veker før mora vart drepen.

Drap Nattlandsveien Bergen

ÅSTADEN: Politiet utanfor leilegheita i Nattlandsveien i Bergen, 12. mars i fjor.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ein 37 år gamal mann møter denne veka i Bergen tingrett, tiltalt for drap på mora (63) og drapsforsøk på faren (60). Drapet skjedde heime hjå foreldra i Nattlandsveien i Bergen natt til 12. mars 2019.

Sentralt i saka står den drapstiltalte sin helsetilstand. Sakkunnige har konkludert med at den drapstiltalte er strafferettsleg utilrekneleg. Dei meiner han var psykotisk under drapshandlinga.

Dei etterlatne meiner drapet kunne vore unngått om uromeldingane deira hadde blitt høyrde.

No kan familien bli høyrd. NRK får tysdag opplyst at Fylkeslegen i Vestland har utvida tilsynet sitt til å også gjelda AMK-tenesta og Bergen legevakt.

– Dette er ei veldig alvorleg sak. Når vi ser at andre deler av tenesta har vore involvert, meiner vi at vi skal og må undersøke deira involvering og handlingar i saka, seier fylkeslege Helga Arianson til NRK.

Familien seier dei hadde varsla både AMK-tenesta og Bergen legevakt om den mentale tilstanden til den no drapstiltalte mannen før drapet.

Maeda

DØD: Maeda blei 63 år gamal. Sonen hennar (37) er tiltalt for drapet.

Foto: Privat

Krev at nokon må ta ansvar

I retten tysdag vitna den yngre broren til drapstiltalte. Han var tydeleg frustrert over situasjonen fordi han sjølv har varsla om helsetilstanden til broren fleire gongar.

Etter forklaringa spurde han aktor Benedikte Høgseth kvifor det ikkje var legar som måtte inn og vitne i rettsalen.

– Hadde bror min fått hjelp, hadde mor mi framleis levd, sa broren i vitneboksen.

I fjor fortalde han til NRK korleis familien den 21. februar 2019, berre tre veker før drapet ringde etter ambulanse. Den rykka ut til Nattlandsveien, der ambulansepersonell skal ha snakka med den tiltalte i nær ein time.

Då dei ikkje tok han med seg, køyrde broren 37-åringen til Bergen legevakt, utan at han følte han blei høyrd der heller.

I haust opna Fylkeslegen i Vestland tilsynssak mot Helse Bergen, divisjon psykisk helsevern, men det inkluderte ikkje Bergen legevakt eller AMK-tenesta.

Tilsynet konsentrerte seg først om å undersøke om helsehjelpa 37-åringen har fått på psykiatrisk sjukehus, har vore forsvarleg.

Kniver Nattlandsveien-drap i Bergen

KNIVAR: Desse knivane meiner politiet blei brukt til drapet på Maeda Al-Amaa og drapsforsøket på Abdul-Karim Al-Amaa.

Foto: Politiet

Utvidar tilsynssaka

No vil Fylkeslegen sjå nærmare på mellom anna ambulanseutrykkinga 21. februar 2019 og besøket på Bergen legevakt litt seinare på natta.

NRK får opplyst at fylkeslegen mellom anna har:

  • fått spelt av fleire samtaleloggar frå naudtelefonar familien har gjort
  • intervjua flere personer i ambulansetenesta
  • snakka med leiinga på Bergen legevakt

– Vi går inn i dette med openheit, og det betyr ikkje at vi har noko konkret mistanke, men vi vil undersøke, seier Arianson.

Den tiltalte broren har tidlegare hatt fleire møter med psykiatrien. I retten har det kome fram at 37-åringen har vore innlagd på psykiatrisk sjukehus fem gonger sidan 2014. To av gongene var tvangsinnlegging.

15. februar, ei veke før den nemnde ambulanseutrykkinga, hadde den yngre broren ringd til det distriktspsykiatriske sjukehuset i Helse Bergen som hadde hatt ansvaret for oppfølginga av broren gjennom 2018.

Han opplevde at storebroren var blitt verre, og ville vite kva som skjedde med hendinga. Svaret var å kontakte fastlege eller legevakt, seier han.

Den tiltalte broren skal etter det NRK kjenner til, sjølv ha ringt til det same sjukehuset 1. februar 2019 og sagt at han var frisk.

Drap og drapsforsøk i Nattlandsveien på Landås i Bergen, 12. mars 2019

KRIMTEKNIKARAR: Krimteknikarane på åstaden etter at Maeda (63) vart funnen drepen heime i Nattlandsveien i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Gode nyheiter

Bistandsadvokaten til dei etterlatne, Thom B. Haaland, seier at han er glad for at tilsynet blir utvida.

– Dette er gode nyheiter. Familien er sint på helsevesenet. Dei følar dei har gjort ein innsats for å få deira merksemd, utan at dei har lukkast. Viss det skulle kome noko godt ut av denne saka, er det at dette aldri skjer igjen, seier Haaland.

Han har foreløpig ikkje snakka med familien om at tilsynssaka er utvida.

NRK har vore i kontakt med kommunikasjonssjef Erik Vigander i Helse Bergen. Det er dei som har ansvaret for AMK-tenesta. Vigander viser til at verken rettssak eller tilsyner avslutta, og han vil derfor ikkje kommentere saka no.

Heller ikkje leiar for Bergen legevakt, Dagrun Waag Linchausen, ønskjer å kommentere tilsynssaka tysdag kveld.