Hopp til innhold

Drapstiltalt innlagd på psykiatrisk sjukehus fem gongar sidan 2014

BERGEN TINGRETT (NRK): I 2016 skal mannen ha trua med å drepe fleire familiemedlemmer. To og eit halvt år seinare blei mora drepen og faren knivstukken.

Kniver Nattlandsveien-drap i Bergen

KNIVAR: Desse knivane meiner politiet blei brukt til drapet på Maeda Al-Amaa og drapsforsøket på Abdul-Karim Al-Amaa.

Foto: Politiet

37-åringen som er tiltalt for drap på si eiga mor og drapsforsøk på sin far er erklært strafferettsleg utilrekneleg.

Tysdag gjekk dei sakkunnige Knut Dalen og Erik Rønneberg Hauge gjennom deira analyse av tiltalte.

– Dei sakkunnige har kome fram til at tiltalte høgst sannsynleg lid av paranoid schizofreni, sa Hauge i retten.

Dei viste til at den tiltalte har vrangførestillingar, og eit sjølvbilde som ikkje stemmer overeins med verkelegheita.

Maeda

DREPEN: Maeda Al-Amaa blei funnen drepen i ein leilegheit i Nattlandsveien i Bergen, 12. mars 2019.

Foto: Privat

Fann to knivar med DNA frå tiltalte

Den tiltalte har sjølv forklart at det var ein fjerde person i leilegheita, i tillegg til han sjølv, faren og den drepne mora. Han hevdar at denne personen stakk foreldra med kniv.

– Eg har tolka hans forklaring som ein del av vrangførestillingsbildet. Vi får inntrykk av at hans oppfatning er at alle andre tar feil, sa psykologspesialist Dalen i retten.

I leilegheita fann politiet to knivar, ein med gult skaft og ein med svart. DNA frå tiltalte blei funnen på begge knivskafta, viser politiet sin analyse. På eit av knivblada blei det funnen blod frå mora, på det andre frå faren.

Den tiltalte var ikkje rusa på alkohol eller narkotika etter sjølve drapsnatta, ifølgje blod- og urinprøver. Likevel kan tidlegare bruk av cannabis ha forverra lidinga, ifølgje dei sakkunnige.

Drap Nattlandsveien Bergen

ÅSTADEN: Politiet utanfor leilegheita i Nattlandsveien i Bergen, 12. mars i fjor.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Innlagt fem gongar

Dei sakkunnige meiner at tiltalte framleis er psykotisk. Han har vore innlagt på Sandviken psykiatriske sjukehus sidan pågripinga 12. mars i fjor.

På same sjukehus har han vore innlagt fem gonger tidlegare, frå 2014 og fram til 2019. To av dei fem gongane var med tvang, ifølgje aktor Benedikte Høgseth.

Ein av veslebrørne (32) til den tiltalte vitna i dag i retten om korleis broren oppførte seg forut for drapet. Som familien tidlegare har fortalt til NRK, har familien prøvd å skaffe den no tiltalte broren hjelp.

Fleire gonger har veslebroren ved fleire høve varsla både legevakt og sjukehus om vrangførestillingar og truslar.

Trua mora i 2016

I august 2016 skal han ha trua med å drepe mora og andre familiemedlemmer, ifølgje loggen til politiet.

I tillegg har Nav-kontoret i Fana sendt bekymringsmelding til helsevesenet om at mannen burde vore innlagt. Også ein fastlege og naboar har varsla om helsa til mannen.

Seinast 21. februar, dryge tre veker før drapet, bad veslebroren om at den tiltalte burde få hjelp. Då ringde han inn ein bekymringsmelding til ambulansetenesta.

32-åringen er frustrert over at helsevesenet ikkje tvangsinnla bror hans.

– Eg vil at min bror skal få hjelp, sa han i Bergen tingrett tysdag.

Fylkeslegen i Vestland undersøker framleis om den tiltalte har fått forsvarleg helsehjelp.