Hopp til innhold

Mann (37) dømt til tvungent psykisk helsevern for drap på mora

Sonen er dømt for drap på Maeda Al-Amaa (63) og drapsforsøk på faren. Retten meiner at 37-åringen kan gjere alvorlege lovbrot igjen viss han ikkje får hjelp.

Mistenkelig dødsfall.

ÅSTADEN: Politiet utanfor leilegheita i Nattlandsveien i Bergen, 12. mars i fjor.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det var natt til 12. mars i fjor at politiet blei merksam på ein skada mann i vegkanten i Nattlandsveien på Landås i Bergen.

Mannen forklarte at han var knivstukken, og at det var sonen som hadde gjort det. Inne i leilegheita låg den skadde mannen si kone, knivstukken til døde.

No er sonen dømt til tvungent psykisk helsevern for drap og drapsforsøk. Han må også betale totalt 155.000 kroner i oppreisning til faren og dei seks søskena hans.

Det var BT som først omtalte dommen.

Maeda

DREPEN: Maeda Al-Amaa blei funnen drepen i ein leilegheit i Nattlandsveien i Bergen, 12. mars 2019.

Foto: Privat

Stukken elleve gongar

Dommen blei forkynt for mannen måndag ettermiddag, ifølgje hans forsvarar Egil Jordan.

– Når han først blei dømd, er han glad for at han blei dømd til behandling. Det er ikkje teke standpunkt til ein eventuell anke, skriv Jordan i en sms til NRK.

Mannen har tidlegare nekta straffskuld.

37-åringen meiner at det var ein annan mann i leilegheita som skal ha utført drepe mora og forsøkt å drepe faren.

Bergen tingrett meiner det er bevist at mannen utførte drapet, og at det også var hensikta. Dei viser til at mora blei stukken minst elleve gongar med kniv. Faren blei stukken minst tre gongar.

Sakkunnige i retten meinte at mannen lir av paranoid schizofreni og var psykotisk på gjerningstidspunktet. Han var derfor utilrekneleg, ifølgje dei sakkunnige.

Mellom anna sa mannen i retten at dei to fornærma i saka ikkje var foreldra hans.

Meiner 37-åringen kan gjere nye alvorlege lovbrot

Retten meiner det er nærliggande fare for at 37-åringen vil gjere nye alvorlege lovbrot igjen, dersom han ikkje får behandling.

Dei sakkunnige meiner at sjukdommen til mannen kan ta fleire tiår å behandle.

«Voldshandlingene skjedde brått og har ingen rasjonell bakgrunn. Det er ikke slik at alle med nødvendighet kan se at tiltalte er psykotisk», heiter det i dommen.

37-åringen har tidlegare vore innlagt fem gongar på psykiatrisk sjukehus mellom 2014 og 2019.

Kniver Nattlandsveien-drap i Bergen

KNIVAR: Desse knivane meiner politiet blei brukt til drapet på Maeda Al-Amaa og drapsforsøket på Abdul-Karim Al-Amaa.

Foto: Politiet

Må betale oppreisning

Bistandsadvokaten til familien, Thom Haaland, kravde 1,9 millionar kroner i erstatning til faren og dei seks søskena.

Sjølv om summen blei mykje mindre enn Haaland bad om, seier han til NRK at dommen var som forventa.

– Eg skjønte at resultatet ville bli som dette. Det er gjort ei avkorting i summen på grunn av den mentale helsa til domfelte, seier han.

Han har ikkje snakka med alle av dei etterlatne, men seier saka er vanskeleg for dei.

– Som broren nemnde i retten, er det ekstra vanskeleg at det er broren som har gjort dette, seier Haaland.