Hopp til innhold

Skal granske om helsevesenet svikta den tiltalte sonen før drapet på Maeda

Familien meiner sjubarnsmora Maeda (63) kunne vore i live dersom åtvaringane deira om sonen (36) hadde blitt høyrt. No opnar Fylkeslegen tilsynssak mot Helse Bergen.

Maeda (63) drept i Nattlandsveien, montasje.

DREPEN: 63 år gamle Maeda vart drepen med kniv i leilegheita i Nattlandsveien. Ektemannen vart hardt skadd. Sonen (36) er tiltalt for drap og drapsforsøk.

Foto: Privat/NTB Scanpix

Ein 36 år gamal mann er tiltalt for drap og drapsforsøk på foreldra sine i Nattlandsveien i Bergen i vinter.

Ein politipatrulje som tilfeldigvis køyrde forbi natt til 12. mars, oppdaga ein hardt skadd mann (59) på fortauet utanfor blokkleilegheita.

Inne på soverommet fann dei kona hans, sjubarnsmora Maeda (63), knivdrepen.

Dei etterlatne har heile tida meint at 36-åringen fekk for dårleg hjelp for dei psykiske plagene sine i tida før drapet.

Som NRK tidlegare har fortald, prøvde broren til 36-åringen å få han tvangsinnlagd berre tre veker før drapet og drapsforsøket.

– Familien meiner drapet på mora kunne vore unngått dersom helsevesenet hadde tatt åtvaringane deira på alvor og gitt 36-åringen den oppfølging han burde fått, seier bistandsadvokat Thom B. Haaland.

Thom B. Haaland, Helle Soltvedt og Eli Valheim i fengslingsmøte for drap nattlandsveien 13.mars

VARSEL: Bistandsadvokat Thom B. Haaland (t.v.) og politiadvokat Eli Valheim (til høgre) har begge varsla tilsynsmyndigheiter om drapssaka i Bergen. Haaland har varsla Helsetilsynet, medan politiet har varsla fylkeslegen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Opnar tilsynssak

No har Fylkeslegen i Vestland opna tilsynssak mot Helse Bergen, etter å ha blitt varsla av politiet undervegs i etterforskinga.

Der skal dei finne ut om 36-åringen blei forsømd av helsevesenet i tida før drapet.

Assisterande fylkeslege i Vestland, Sjur Lehmann, seier til NRK at dei også skal vurdere om dei skal tilrå politiet å opne etterforsking mot Helse Bergen.

Var psykotisk under drapet og drapsforsøket

I sommar slo sakkunnige fast at 36-åringen var psykotisk under drapshandlinga.

Broren har tidlegare fortald NRK at den tiltalte har fått oppfølging av helsevesenet i ei årrekke, og at han har vore innlagd til behandling fleire gonger.

Ved årsskiftet, vel to månader før drapet, merka familien at noko ikkje var som det skulle vera med 36-åringen. Den no drapstiltalte mannen budde då heime hjå foreldra sine i Nattlandsveien.

Familien mistenkte at han hadde slutta å ta medisinane sine, som mellom anna skulle hjelpe mot ulike vrangførestillingar. Ifølgje familien forstod ikkje 36-åringen sjølv at han var sjuk.

– Han har innimellom vore veldig sint, så eg sa til mor mi at ho måtte vera forsiktig. Først og fremst frykta eg at han skulle ta sitt eige liv, men eg har også vore uroa for andre, fortalde broren.

Ali utanfor Bergen Legevakt

PRØVDE Å SKAFFE HJELP: Den yngre broren til drapstiltalte prøvde å skaffe 36-åringen hjelp i tida før foreldra vart angripne med kniv.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

Slik prøvde familien å varsle

15. februar 2019 ringde broren til det distriktspsykiatriske sjukehuset i Helse Bergen som hadde hatt ansvaret for oppfølginga av broren gjennom 2018.

Han ville vite kva som skjedde med behandlinga, fordi han no opplevde at storebroren var blitt verre.

– Då fekk eg vite at oppfølginga var avslutta, og at vi måtte kontakte fastlege eller legevakt, seier veslebroren til NRK i dag.

Etter det NRK har fått opplyst, ringde 36-åringen sjølv til det same sjukehuset to veker før, 1. februar 2019.

Då skal han ha sagt at han var frisk og ikkje ønska meir oppfølging.

Vidare prøvde familien å varsle helsevesenet om 36-åringens helsetilstand slik:

  • 21. februar 2019 tilkalla dei ambulanse, som kom til adressa i Nattlandsveien.
  • 22. februar 2019 tok veslebroren med seg 36-åringen til Bergen legevakt for å få han tvangsinnlagd, utan å lukkast.

Ifølge familien snakka ambulansepersonellet med 36-åringen i nær ein time på kvelden 21. februar, før dei forlét staden utan å ta han med. Under tre veker seinare var mora Maeda (63) død.

Helse Bergen har tidlegare svara NRK at reglane for bruk av tvang er strenge for ambulansepersonell.

Politiet ber fylkeslegen vurdere helsehjelpa

Etter å ha etterforska saka sidan mars, har Vest politidistrikt no varsla Fylkeslegen.

I varselet ber dei Fylkeslegen undersøke om 36-åringen har fått naudsynt helsehjelp av Helse Bergen i tida fram til drapet og drapsforsøket skjedde.

– Det er omstenda forut for drapet, og for å sjå om naudsynt helsehjelp er gitt, som gjer at me har varsla fylkeslegen, seier politiadvokat Eli Valheim, som har vore påtaleansvarleg i etterforskinga.

Sjur Lehmann

HAR OPNA TILSYN: Assisterande fylkeslege Sjur Lehmann i Vestland.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Fylkeslegen har opna tilsynssak

Assisterande fylkeslege i Vestland, Sjur Lehmann, seier politiet dessutan har bedt om ei vurdering av om dei bør igangsette etterforsking av helseføretaket.

Etter å ha blitt varsla av politiet, har fylkeslegen også opna tilsynssak mot Helse Bergen, divisjon for psykisk helsevern.

– Vi har bedt om å få tilsendt meir informasjon frå helseføretaket. Vi vil innan kort tid komme med tilbakemelding til politiet om dei bør etterforske Helse Bergen. Tilsynssaka, der vi ser på om det er gitt forsvarleg helsehjelp, vil ta noko lenger tid, seier Lehmann.

Helse Bergen stadfester at dei har blitt bede om å sende over dokumentasjon.

– Vi skal svare på alt fylkeslegen ønsker og treng. Utover det, kan vi ikkje kommentere saka, av omsyn til teieplikta og det pågåande tilsynet, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander.

Bistandsadvokat Thom B. Haaland

SENDT VARSEL TIL HELSETILSYNET: Bistandsadvokat Thom B. Haaland.

Foto: Eva Groven / Budstikka

Helsetilsynet også varsla

Også dei etterlatne har sendt varsel i saka.

På familiens vegner har bistandsadvokat Thom B. Haaland sendt varsel til Helsetilsynet, der han ber dei opna tilsynssak om det dei meiner er kritikkverdige forhold i Helse Bergen.

Til NRK seier Helsetilsynet at dei ikkje har bestemt seg for kva dei skal gjera med varselet.

– Må få konsekvensar

Haaland seier familien er ekstra opprørte over at liknande hendingar har skjedd både forut og etter drapet i Nattlandsveien.

Han nemner dobbeltdrapet på Sotra i sommar, der ein mann er sikta for å ha drepe foreldra sine, kort tid etter at han forlét psykiatrisk sjukehus.

Denne saka er under gransking hjå Helsetilsynet.

– Vi er nøgde med at fylkeslegen har opna tilsynssak, men vi ventar at det får konsekvensar. Det må kome noko ut av det, seier drapstiltalte sin bror til NRK.