Hopp til innhold

Her tener fylkesdirektøren meir enn statsministeren

Med ei løn på nesten 2 millionar, er Rune Haugsdal i Vestland på lønstoppen av alle fylkesdirektørar i Noreg.

Bystasjonen i Bergen med det nye fylkeshuset i Vestland under bygging i bakgrunnen

Fylkesdirektøren i Vestland har ei løn som er høgare enn andre fylkesdirektørar.

Foto: Simon Brandseth / NRK

Haugsdal har ei samla årsløn på 1.969.300 kroner. Til samanlikning tener statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) 1.869.761 kroner.

Også fylkesdirektøren i Innlandet, Tron Bamrud, har ei løn som er høgare.

Det viser ei kartlegging NRK har gjort over kor mykje fylkesdirektørane tener i norske fylkeskommunar.

Lønsnivået gir fylkesdirektøren i Vestland ei brutto månadsløn på over 160.000 kroner.

– Eg har ingen kommentar til dette, seier Rune Haugsdal til NRK.

I Viken har toppleiinga også høgt lønsnivå.

Om eitt år blir storfylket oppløyst. I dei nye fylkeskommunane Østfold, Buskerud og Akershus blei det i haust tilsett tre fylkesdirektørar som alle har over 1,7 millionar kroner i løn.

Rune Haugsdal, fylkesdirektør Vestland

FYLKESDIREKTØR: Rune Haugsdal vil ikkje kommentera løna han har.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Meiner fylkesdirektøren sjølv burde føreslått lågare løn

Både SV og Raudt i Vestland meiner løna til fylkesdirektør Rune Haugsdal er for høg.

– Me er i ein situasjon der veldig mange slit med å betala rekningane. Då er det uheldig at toppleiarar i fylkeskommunen tener så godt at dei er lønsleiande i Noreg.

Det meiner Marthe Hammer, som er gruppeleiar for SV. Ho sit i fylkesutvalet, som har bestemt løna til Haugsdal.

– Eg skulle ønskt at leiarane sjølve hadde føreslått moderasjon.

Sogndal

Sogndal i Vestland.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Gruppeleiaren i Raudt, Jeanette Syversen, meiner løna er problematisk.

– Skiljet mellom dei som skal representera vanlege folk og vanlege folk blir for stort. Det er ikkje sunt.

Marthe Hammer

– UHELDIG: Marthe Hammer i SV meiner det er feil at fylkesdirektøren skal ha så høg løn, spesielt når mange slit med økonomien.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Må berre akseptera høg løn

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) forsvarer løna til Haugsdal.

– Dette er ein person som er veldig dyktig. Det er mange leiande funksjonar i samfunnet som er godt betalte, til dømes fylkesdirektørar og overlegar på sjukehusa.

Les også Helsetopp får 1 mill. i sluttpakke – Nå krever Rødt et tak på lederlønningene

Fylkesdirektør Rune Haugsdal hadde tidlegare jobb i næringslivet, som no styrer løna han har i fylket.

Askeland seier dei ikkje kan gå frå gamle avtalar.

Han påpeikar også at Vestland fylkeskommune blir driven over 200 millionar kroner billigare enn ved samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane i 2020.

– Men eg er einig i at me må dempa leiarløningane i offentleg sektor.

– Så ved tilsetjing av ein ny fylkesdirektør, vil lønsnivået bli justert ned?

– Ja, eg synest det er naturleg at den diskusjonen kjem opp igjen då.

Les også Regjeringen vil bremse lederlønningene: – Horribelt forslag