Hopp til innhold

Full etterforsking etter at mann blei funnen død

HAFSLO / LUSTER (NRK): Politiet har etterforska i heile dag etter at ein mann i 40-åra vart funnen død i ein bekk. Dei veit enno ikkje noko om dødsårsaka.

Politi på Hafslo

TEKNISK ETTERFORSKING: Polititenestemenn frå lensmannskontora i Sogn er no på staden.

Foto: CHRISTIAN BLOM / NRK

Operasjonsleiar Per Rimmen seier at politiet har etterforska dødsfallet i heile dag, men at dei ikkje veit meir om omstendene kring dødsfallet.

– No skal han obduserast, og det kan ta nokre dagar. Vi vil nok ikkje vite meir om dødsårsaka før den tid, seier Rimmen søndag ettermiddag.

Politiet rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap søndag morgon, då dei fekk melding om ein død mann i ein bekk i Hafslo i Luster.

– Det var ei kvinne som såg han frå huset sitt og ringde politiet, sa operasjonsleiar Bengt Næss, til NRK søndag morgon.

– Åstadsetterforskaren seier at dei ikkje finn noko mistenkeleg på staden, seier Næss.

Bekk

FUNNEN I EIN BEKK: Den omkomne vart funnen i denne bekken ved ein gangveg.

Foto: CHRISTIAN BLOM / NRK

Den døde er ein utanlandsk statsborgar i 40-åra, og mannen blei funnen i ein bekk ved ein privat eigedom på Hafslo.

Bygda Hafslo ligg mellom Sogndal og Gaupne i Luster kommune.

– Vi fekk melding om funn av ein død mann kl. 08.02 i dag tidleg, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Det var ein nabo som fann mannen ute ved ein gangsti, og politiet prøver å danne seg eit bilete av kva som har skjedd.

– Mannen var truleg på veg opp til der han budde. Vi snakkar med både naboar og omgangskretsen til den omkomne, seier Næss.

Den omkomne er sendt til obduksjon og pårørande blir varsla av Kripos, gjennom ambassaden til landet mannen kjem frå.