– Vi har sett at fuglane flyg høgare om dagen enn dei gjorde før vindturbinane kom. Vi ser og at fuglane oftare gjer unnamanøvrar og flyg annleis enn dei gjorde før vindparken kom, seier Anna Nilsson, prosjektleiar og forskar i Norsk institutt for naturforsking (NINA).
I 2021 vart vindkraftparken med 47 vindturbinar på Guleslettene i Bremanger sett i drift. I samband med det har NINA sett på kva vindparken har hatt å seie for trekkfuglane som passerer gjennom området.
– På Guleslettene har vi sett at det stort sett er sporvefuglar, alt frå finkefulglar til songfuglar som passerer.
Fugleradar med sporing i alle retningar
Overvakinga syner at fleire millionar fuglar flyg gjennom området kvart år.
Dei fleste fuglane trekk om natta, der det nokre netter om hausten var fleire hundre tusen passeringar berre innanfor det området av parken som radaren dekka.
Medan fugletrekka om dagen unngjekk vindturbinane, gjekk fugletrekk om natta på same høgde både før og etter utbygginga.
I rapporten konkluderer forskarane med at det tyder på at nattrekkande fugl ikkje har same moglegheiter til å oppdage hinder i lufta framfor seg som dagtrekkande fuglar.
Radarbil på Guleslettene i Bremanger.
Foto: Arild Breistøl / Norsk institutt for naturforskingFlest sporvefuglar
I to år har det vore søkt med trente hundar etter fugl som er drepne av turbinane.
Basert på funna har forskarane frå NINA estimert at 400 fuglar var drepne i løpet av etterundersøkingsperioden. Det vil seie 0,77 fuglar per turbin i månaden, eller 0,62 fuglar per produserte GWh med straum.
– Nokre turbinar drap null, andre ein eller to. Den turbinen som drap flest fuglar i løpet av toårsperioden, hadde seks drepne fuglar, så det er ikkje kjempemange, seier Nilsson.
– Bør gjennomførast slike kartleggingar i alle område
I Naturvernforbundet meiner leiar Truls Gulowsen at funna i undersøkinga er svært interessante.
– Særleg det at fugleradarsystemet kan levere så presis informasjon om kor mykje fugl som brukar området, og til og med i kva høgde fuglane flyg.
Han meiner det bør gjennomførast slike kartleggingar i alle område der ein har planar om vindkraftutbyggingar.
– Dette er jo eit fantastisk verktøy for å skaffe kunnskap om korleis eit område vert brukt, og ikkje minst kven som brukar det.
Vil ha stopptiltak om natta
For å redusere talet fugl som vert drepne i kollisjonar med vindturbinane kan fleire tiltak vere aktuelle.
– På Smøla har ein til dømes malt tuppen på det eine rotorbladet, og det har synt seg å vere svært effektivt. Det aukar synlegheita, men det gjeld berre på dagtid, seier Nilsson.
Noko som ikkje har vore prøvd ut i Noreg enno, men som har blitt foreslått i samband med dei omstridde vindturbinane på Fosen, er radar og avstenging av turbinar.
– Vi meiner vi må sjå på tiltak som gjer turbinane meir synlege på dagtid, men kanskje og vere meir aktive med stopptiltak på nattetid i periodar med mykje fugl, seier Gulowsen.