Hopp til innhold

Mot rekordår for norsk vindkraft

64 vindkraftverk har så langt i år levert like mykje elektrisitet som vindkrafta leverte i heile fjor.

Vindpark Florø

BLES SOM VERST PÅ TOPPAN: Bildet viser ei 70 meter lang vengje på veg opp til Guleslettene vindpark like ved Florø.

Foto: Tore Meek / Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Norsk vindkraft har så langt i år levert 11 TWh energi.

Om trenden held fram ut året, vil vindkraftproduksjonen tangere 14 TWh ved nyttår. Det viser data frå Entso-E og Teknisk Ukeblad.

OPPDATERING: Tal frå NVE viser at det vart produsert 11,8 TWh vindkraft (ikkje 10,8 TWh, som denne saka fyrst la til grunn) i Norge i 2021.

Dette er flotte tal, som viser den viktige rolla vindkraft no speler i det norske kraftsystemet, seier Andreas Thon Aasheim, som er direktør i vindselskapet Cloudberry Clean Energy.

Han legg til at «i den svært krevjande situasjonen det europeiske energisystemet står oppe i, tel kvar einaste kWh».

Vi kan berre førestille oss den norske kraftbalansen utan dei 14 TWh-ane vindkrafta vil bidra med i år, seier han.

Vi kan gjere dette på ein skånsam måte

Etter eit omstridd utbyggingskart (sjå under), massive protestar og vardebrenning mot vindkraft, var det politisk konsensus om å «setje ein fot i bakken» i 2019.

Men i vår varsla statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at han vil ha fleire vindmøller til lands, og at dette vil vere politisk mogeleg gitt «grundigare prosessar» og større lokal medverknad.

– Eg vel å tru at eit langstrekt land som Noreg har nok natur til at vi kan gjere dette på ein skånsam måte, sa han til NRK.

To nye undersøkingar frå Universitetet i Bergen og Cicero viser at nordmenn flest har vorte meir positive til vindkraft.

Der berre 33 prosent av befolkninga støtta utbygging av meir vindkraft på land i 2021, viser tala no at 39 prosent støttar utbygging av vindkraft.

nve_nasjonal_ramme_vindkraft_0419

Som ein del av forslaget til nasjonal ramme for vindkraft laga NVE eit omstridd kart over det dei meinte var dei mest egna områda for vindkraft.

Folk ser det i lys av fornybarmangelen i Europa

Kommunikasjonsansvarleg i Norwea, Robert Kippe, gler seg over dei siste undersøkingane.

Eg trur forklaringa er at Noreg treng vindkrafta, og at folk ser det klart i lys av fornybarmangelen i Europa. I tillegg har motstanden mot vindkraft vorte høyrd og ført til fornuftige endringar i konsesjonssystemet.

Hovudlinjene i det nye konsesjonsregimet seier at det skal vere meir lokal innverknad, og at kommunane skal behandle søknader gjennom Plan- og bygningslova (ikkje Energilova, som tidlegare).

I september varsla Støre-regjeringa at ho vil innføre grunnrenteskatt på vindkraft, og ei ekstraordinær avgift på vass- og vindkraft («høgprisbidrag») på grunn av dei høge straumprisane.

Slik vil regjeringa auke summen i skattekassa med rundt 33 milliardar kroner årleg.

Det er eit enormt inndekkingsbehov i statsbudsjettet, forklarar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

NRK forklarer

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

Norge trenger mer fornybar energi i fremtiden. Vindkraft kan bidra til det. Men det tar plass.

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

29.000 km2 av landet er egnet, har norske myndigheter hevdet. Det er et område på størrelse med Belgia.

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

Vindturbinene kan strekke seg mer enn 200 meter oppover og lager en svisjende lyd.

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

De kan ta livet av planter og dyr og endre friluftslivet. Mange mener de er stygge.

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

Men de kan også redusere landets klimautslipp, gi inntekter og arbeidsplasser.

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

Nå skal mange anlegg snart stå ferdige. Når vindturbinene reises og blir synlige, vekker det reaksjoner. 

Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?

Det har ført til økt motstand og en nasjonal aksjonsgruppe. De vil ha et oppgjør i retten.

– Vi vil beskytte dyr, fugleliv og helsa til folk

– Ein internasjonal skandale

I næringa har forslaget vorte motteke med sterke åtvaringar.

– Viss regjeringa får det som dei vil, blir det ikkje mykje ny fornybar kraftproduksjon framover. Det betyr dårlegare klimatilpassing og høgare straumprisar framover, seier Eivind Heløe, fornybardirektør i Energi Norge.

Under høyringa til finanskomiteen om statsbudsjettet for 2023 denne veka uttalte Finans Noreg-leiar Idar Kreutzer at den føreslåtte kraftskatten vil gjere det «sannsynleg at ei lang rekkje vindkraftprosjekt kan gå konkurs» og at dette var «ein internasjonal skandale».

Andreas Thon Aasheim i Cloudberry sa førre veke til E24 at selskapet måtte satse utanfor Noreg viss forslaget ikkje vart endra.

Til NRK utdjupar han:

Vi er prinsipielt for grunnrenteskatt for vindkraft, men regjeringsforslaget vil få katastrofale følgjer. For vindkrafta må grunnrenteskatten innrettast som ein nøytral skatt, akkurat som for vasskraft og petroleumsnæringa, så skal vi betale skatten vår med glede. Alternativet er full stopp for ny kraftproduksjon og konkursar for eksisterande verk. Det kan umogleg vere i tråd med Stortinget sitt ønske.