Hopp til innhold

Slik skal vindturbinane blinke i 25 år

FLORØ (NRK): Lys frå vindkraftverket blinkar på nattehimmelen og er til sjenanse for innbyggarane. No håper dei at kraftverket vert pålagd å avgrense lysbruken.

Vi har på ein måte mista byfjella våre og fått noko som stel blikket vårt i staden, seier Jon Anders Stavang i Naturvernforbundet.

Ved Guleslettene vindkraftverk er dei høgste vindturbinane utstyrt med hinderlys for varsling av luftfart. Når vintermørket legg seg over Florø, lyser kraftverket opp i horisonten.

Dei blinkar 24 timar i døgnet, heile året.

Vi ser ikkje lenger på fjella, vi ser på turbinar som er i rørsle eller blinkar, seier Stavang.

Jon Anders Stavang med Guleslettene Vindkraftverk i Bakgrunnen

FLORØ: Representant for Naturvernforbundet, Jon Anders Stavang

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Lenge sidan mennesket var på månen

Vindturbinane er så høge at dei er til fare for luftfart. Difor har 15 av dei 47 vindturbinane blitt utstyrte med høg-intensitets varsellys som blinkar mot nattehimmelen.

– Det er veldig lenge sidan mennesket var på månen, så å fjernstyre nokre lys på eit fjellplatå burde ikkje vere uoverkomeleg, seier Stavang.

Ola Teigen er ordførar i kommunen. «Lysforureining», kallar han dette:

– Dette skaper irritasjon for mange. Når det finst alternativ tilgjengeleg, bør vi streve etter å få det på plass, seier han.

Ola Teigen

KRITISK: Ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen (Ap)

Teigen ønskjer seg lys som slår seg av og på etter behov.

Ikkje krav til radarstyring

Luftfartstilsynet kom med krav til sterkare lysmerking av vindturbinar i 2014.

I tida etter har erfaringane frå vindkraftverk med denne nye og sterkare typen lysmerking, gjort at NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) må ta meir omsyn til lyseffekten under handsaming av nye vedtak.

Med radarstyring blir luftrommet rundt vindkraftverket overvaka, og hinderlysa vil slå seg automatisk av når det ikkje er fly eller helikopter i området. Der slike system er brukt vil ikkje lysa blinke til alle tider av døgnet, berre ved behov.

Ved nye vindkraftverk krev NVE nettopp slik radarstyring av hinderlys.

Konsesjonen til Guleslettene vindkraftverk var derimot behandla før kravet til radarstyring kom, men etter at Luftfartstilsynet sette krav til ein ny og sterkare type hinderlys. Guleslettene er altså ikkje pålagde å ha slik styring og lysa kan stå på heile døgnet.

Utbyggjar steller seg til krav

Det er selskapet Zephyr som bygger ut kraftverket på Guleslettene.

– Eit radarstyringssystem må vere godkjent av luftfartsmyndigheit og falle innanfor moglege kostnadsrammer, skriv prosjektleiar Arild Fjeldahl i Zephyr i ein e-post til NRK.

Han understrekar at dei steller seg etter krava frå konsesjons- og luftfartsmyndigheit.

Det er ikkje lagt fram nokon teknisk eller kommersiell løysing som Guleslettene vindkraftverk kan ta stilling til, skriv han.

Sjå heile svaret i faktaboksen nedst i saka.

Ventar svar frå Luftfartstilsynet

– NVE kan endre og sette nye krav til eksisterande konsesjonar, dersom det ligg føre sterke samfunnsmessige interesser, påpeiker Kristine B. Ugstad i NVE.

Sjølv om dei set krav til radarstyring ved nye anlegg i dag, vil ikkje NVE pålegge Guleslettene vindkraftverk å ettermontere dette før Luftfartstilsynet har gjort si vurdering.

NVE har bedt Luftfartstilsynet om kome med innspel til korleis retningslinene for styring av hinderlys skal vere.

Eit nytt vilkår om radarstyrt hinderbelysning kan vere i strid med krava luftfartsmyndigheitene har til merking. Dette må avklarast før det eventuelt kan vere aktuelt å sette nye vilkår ved norske vindkraftverk, legg Ugstad til.