Hopp til innhold

Fryktar turist­kaos på Vestlandet – vil lokke reisande vekk frå fjordane

Reiselivsnæringa forventar stor vekst, og fryktar trengsel og dårleg stemning. No vil dei lokka tilreisande til mindre kjende stader langs kysten.

Turistar i Flåm

MYKJE FOLK: Cruiseturistar kjem i tusentals til i Flåm og andre kjende stader langs kysten på Vestlandet

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det kryr av dei allereie. Turistar som vil oppleve landet vårt.

Fjordar, fjell, stavkyrkjer og alt det norske.

Og Noreg vert stadig meir populært.

Ein rapport frå Menon spår at turistnæringa skal vekse med ein tredel fram mot 2030.

For Stein Ove Rolland i Fjord Noreg AS er dette ein stor mogelegheit.

Og eit problem dei må takle.

Vi er redd for at det rett og slett kan bli trengsel på dei mest populære stadene. Då kan opplevinga folk kjem til Noreg, for bli øydelagd, fryktar han.

Stein Ove Rolland adm.dir. i Fjord Noreg AS

– Må ta heile landsdelen i bruk

Fjord Noreg er ein paraplyorganisasjon for reiselivet i dei tre vestlandsfylka.

Dei jobbar mykje med å marknadsføre Vestlandet til operatørar i utlandet.

– Me er opptekne av at heile landsdelen vert teken i bruk. Til dømes er kysten av landsdelen ei uoppdaga perle for utlendingane, meiner Rolland.

Stein Ove Rolland, adm. dir., Fjord Norge AS

Trass mørke skyar i horisonten ser Stein Ove Rolland lyst på framtida til reiselivet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein smak av kysten

På Austevoll tronar eit nytt og gråbrunt hotell mot himmelen over den tradisjonelle gjestgjevarstaden Bekkjarvik.

Det er langt frå turistkaos i øykommunen. Men hotelldirektøren på Beckerwyc House trur dei vil bli eit populært turistmål.

– Det me har å tilby nett no er «spot on» på trendane som gjeld nett no, meiner Rønnaug Nymark.

– Her er det ro og fred. Ein kjem tett på folk og lokalsamfunnet. Og så satsar me på kvalitet i opplevingar og mat.

Beckerwyc House, hotell i Bekkjarvik, Austevoll.

Beckerwyc House sto klart til midtsumaren 2023.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Med kokkeverdsmeister Ørjan Johannessen som sjef på kjøkkenet og deleigar trur dei at dei har det vesle ekstra som gjer at dei vert valde av turistar som vil oppleve noko genuint norsk.

– Men me gjer ikkje dette for å tene pengar, seier Johannessen.

– Me vil vise fram kystkulturen og råvarene herfrå. Vi må nok innstille oss på litt dugnadsånd.

Ørjan Johannessen, vinner Bocuse d`Or og medeigar av Bekkjarvik Gjestgiveri.

Kokkeverdsmeisteren er oppvaksen på Bekkjarvik. Familien hans eig gjestgjevariet og det nye hotellet Beckerwyc.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Turistsesong heile året

Fjord Noreg har brukt hotellet på Austevoll i marknadsføring. Dei har hatt mange reiser hit med reiselivsoperatørar.

– I til dømes Lofoten har det jo lenge vore eit fokus på overturisme, utan at problemet er løyst. Går det å bestemme kvar turistane skal reise?

– Gjennom besøksforvaltning kan vi det. Vi kan ha kapasitetsavgrensingar på hamnene. Det er fleire verktøy vi kan bruke, seier Rolland.

Fjord Noreg vil ikkje berre spreie turistane geografisk.

Dei vil og utvide sesongen for at dei ikkje skal bli for mange turistar om sommaren.

Les også Norsk ruskevêr kan lokka fleire turistar til Noreg

Ana Sofia Ashida og Daniel Schöndube frå Mexico på ferie i Norge. Her på Stegastein i Aurland

Vinterturisme opp 32 prosent

– Først er målet å utvide sommarsesongen. Så vil vi satse på haust- og vinterturisme, seier Stein Ove Rolland.

Allereie er det sett opp ekstra flyruter frå fleire land til i det som vert kalla skuldersesongen.

Resultata ser dei allereie. Tal frå Avinor viser at fleire kjem om vinteren

Frå januar til slutten av april i år landa 157.315 utanlandske turistar på dei internasjonale flyplassane på Vestlandet.

Det er ei auke med 32 prosent samanlikna med 2023.

Dette er noko dei merkar i dei tradisjonelle turistområda.

– Vi ser at det kjem fleire fritidsreisande i skuldersesongen. Det gjeld både enkeltreisande og grupper, seier Erlend Lundblad. Hotellsjef på Hardangerfjord Hotell i Øystese.

No sit han med bestillingane for hausten. Det er avgjerande for å kunne ha ei stabil bemanning året rundt, seier han.

Mariana van Leeuwen på fjordcruise

Mariana har reist fra Sao Paolo for å oppleve norske fjorder midt på iskalde vinteren