Hopp til innhold

Norsk ruskevêr kan lokka fleire turistar til Noreg

Dårleg vêr skremmer ikkje utanlandske turistar frå å reise til Noreg. Regn og kulde må visast fram, meiner reiselivet.

Ana Sofia Ashida og Daniel Schöndube frå Mexico på ferie i Norge. Her på Stegastein i Aurland

GRÅTT OG VINDFULLT: Ana Sofia Ashida og Daniel Schöndube frå Mexico let seg begeistre, trass dårleg vêr på Stegastein i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Høgt over Aurlandsfjorden ligg utsiktpunktet Stegastein. Her kan turistar sjå utover heile det unike fjordlandskapet.

Ana Sofia Ashida og Daniel Schöndube har kome hit frå Guadalajara i Mexico. Dei er på bilferie i Noreg. Denne dagen i slutten av mai er det ni grader, overskya og litt vind.

Det er faktisk ganske fint å sleppa varmen heime i Mexico no, seier dei.

Reiselivsorganisasjonen Visit Norway melder at det er rekordhøg interesse for å legge ferien til Noreg i 2023.

Tal frå Virke syner at overnattingar i Noreg med turistar frå land som Spania, Italia og Frankrike har auka i 2022 samanlikna med 2019.

Sjølv om det også kan vera mange årsaker til det, trur reiselivsdirektør Audun Pettersen i Virke at klimaet vil påverka reisemønsteret fram i tid.

– På mellomlang og lang sikt er eg overtydd om at heitebølger i større grad vil vera styrande for val av reisemål. Kven ønskjer å bli sittande fast ved airconditionen på ferie?

Daniel Schöndube og Ana Sofia Ashida frå Guadalajara i Mexico.

– Det er eigentleg ganske fint å sleppa den kvelande varmen heime i Mexico no, seier Daniel Schöndube og Ana Sofia Ashida frå Guadalajara i Mexico.

– Det er fjella og fjorden me kom hit for. Blå himmel kan du sjå kor som helst, seier Neil Harrison frå Edinborough i Skottland.

– Så lenge regnet ikkje øydelegg utsikta, så gjer det ingen forskjell. Me tåler litt vatn, seier Neil Harrison frå Edinborough i Skottland.

Emilie og Priyank Shah frå London i England

– Me likar alle naturkreftene. Litt regn og litt sol er heilt fint for oss, seier Emilie og Priyank Shah frå London i England

Reiselivsforskar: – Uvêr er også insta-venleg

Veronica Blumenthal er reiselivsforskar ved Transportøkonomisk institutt. Ho viser til at New Zealand har omfamna alt vêret dei kan by på.

– Der reklamerer dei med at dersom det regnar, så har du flaks. Då kjem alle fossane nedover mot fjordane til syne.

– Og dei har mykje regn.

Opplevinga heng også saman med forventingar. Om turistane reiser til Noreg og forventar blå himmel, kan dei fort bli litt skuffa når dei ikkje får det vêret som brosjyren viste fram.

– Uvêr er også instagram-venleg. Dei må visa kva som er unikt med til dømes hausten, som turistane ikkje får om dei reiser hit om sommaren, seier ho.

Uvær i Lofoten fredag

Uvêt kan bli ein attraksjon for endå fleire turistar. Her frå Lofoten.

Foto: Tommy Johansen

– Vêret kan forsterka ei oppleving

Arve Tokvam i reiselivsselskapet Norway's best i Flåm seier reiselivsnæringa må bruke dårleg vêr i marknadsføringa om vi skal lukkast med heilårsturisme.

– Me nordmenn er opptekne av bra vêr. Då trur me automatisk at andre vil ha også, men me ser at det ikkje er like nøye for turistane, seier han.

Han legg til:

– Litt utfordrande vêr kan gi ei spektakulær oppleving.

Arve Tokvam i Norway's best

Arve Tokvam i Norway's best i Flåm.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Odda har regnet akkurat gitt seg då NRK møter turistar som pakkar ned campen og gjer seg klare for neste etappe på noregsferien.

Sol og blå himmel er best. Fjella og fjordane er finast i sol. Om det regnar heile dagen er det kjedeleg, men nokre byer går greitt, seier Hilde Steijlen frå Nederland, som er på bubilferie med mannen sin i Hardanger.

Regn øydelegg ikkje ferien. Det hadde kanskje vore finare med sol heile tida, men me må ta det som det kjem, seier tyske Marie Blumentritt.

Marie Blummentritt frå Tyskland på camping i Odda

Marie Blummentritt frå Tyskland brukte morgonen i Odda inne i bilen for å unngå regnet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Klimaforskar: – Dystert

Midt i fjordlandskapet har Carlo Aall kontoret sitt. Han jobbar med klima og bærekraft hjå Vestlandsforsking i Sogndal.

Forskaren registrerer også at klimaendringane fører fleire reisande til Noreg.

– Me byrjar å sjå teikn på at sommarturistar flyktar frå eit varmt Europa, seier han.

Uvær i Lofoten fredag

Uvêt kan bli ein attraksjon for endå fleire turistar. Her frå Lofoten.

Foto: Tommy Johansen

Som eit eksempel møtte han i fjor to ulike bubilturistar som pleidde å reisa til Spania, men at no vart det Noreg fordi Spania var blitt for heitt.

– Blir det for varmt i Europa, så vil turistar trekka nordover. Men det er ingenting å jubla for, seier han.

For klimaendringar kan i framtida føre til eit større flyttemønster med meir press på enkelte land. Då handlar det ikkje berre om at folk vil feriere i eit kaldare klima.

På utsiktspunktet Stegastein i Aurland nyt Neil Harrison utsikta over fjorden. Han er ikkje ukjend med verken skodde, regn eller vind i heimlandet Skottland.

– Det er utsikta over fjorden og skogen vi kjem for. Ikkje himmelen. Blå himmel kan vi sjå alle stader.

– Det er fjella og fjorden me kom hit for. Blå himmel kan du sjå kor som helst, seier Neil Harrison frå Edinborough i Skottland.

Sol og varme var ikkje det som lokka skotske Neil Harrison til Vestlandet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK