Hopp til innhold

Fryktar store mjølkekutt om eksportstøtta forsvinn

Mjølkebøndene fryktar enorme kutt i mjølkeproduksjonen som følgje av at Stortinget vil fjerne eksportstøtta til Jarlsbergosten.

Knut Tore Nes Hjelle

SKUFFA: Bonde Knut Tore Nes Hjelle fryktar konsekvensane av at støtta til eksport av Jarlsbergosten vert fjerna.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I vår kritiserte både Venstre og KrF eit regjeringsframlegg om å fjerne eksportstøtta, men begge partia snudde. Tidlegare bondelagsleiar i Eid Knut Tore Nes Hjelle er oppgitt over eigne partifellar i Venstre.

– Dei ser ikkje konsekvensane av det dei har vedteke. Dette vil gå utover mjølkebonden i distrikta og oss i Sogn og Fjordane, seier han.

Må kutte mjølkekvotar

130 millionar liter mjølk kan måtte kuttast og i fylgje Norges bondelag vil mellom 200 000 og 300 000 dekar jordbruksland gå ut av produksjon fordi bøndene ikkje lenger skal få subsidiere eksporten av Jarlsbergost.

Alle parti på Stortinget, med unnatak av Senterpartiet, går i utanrikskomiteen inn for at ein i løpet av fire år skal ha fasa ut eksportsubsidiar til Jarlsberg.

Ein annan skuffa venstrepolitikar er Jan Arve Midtbø i Flora bystyre, også han driv med mjølkeproduksjon.

– Det er alvorleg mange liter mjølk det er snakk om, så dei fleste mjølkebøndene vil måtte gå ned på kvoten, stikk i strid med det regjeringa vil, seier han.

–Uetisk å dumpe billigost

Men stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre er på si side nøgd med at eksportstøtta blir forbode.

Sveinung Rotevatn (V)

UETISK: Sveinung Rotevatn (V) trur ikkje vi i Norge ville likt om andre dumpa billege matvarer hos oss.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Rotevatn meiner det er uetisk å dumpe norsk ost til låge prisar i USA.

– Eg trur verken bondelaget eller andre i Norge ville likt om andre dumpa billige matprodukt i Norge. Då bør ikkje vi heller dumpe billige matprodukt i andre land.

Han seier nedtrappinga vil skje på ein forsvarleg måte og meiner kritikarane overdriv konsekvensane.

– Det ikkje slik at Jarlsbergost kjem til å forsvinne som eit produkt i USA, berre fordi det blir litt dyrare, seier han.

– Må styrke importvernet

Men i Eid er Rotevatn sin sambygding og partifelle Knut Tore Nes Hjelle usamd.

Nes Hjelle driv mjølkeproduksjon i samdrift og håpar no at ein som kompensasjon kan styrke importvernet. I dag importerer Norge store mengder ost og yoghurt, på grunn av låge tollsatsar.

– Vi må gjere nokre grep i andre enden. Vi må styrke importvernet slik at vi får nytta den mjølka, som tidlegare har gått til eksport av ost, til andre ting, seier han.

Det er bøndene sjølve som har brukt den såkalla prisutjamningsordninga til å eksportere overproduksjon. Mot å prise mjølk brukt i produkt på innanlandsmarknaden høgare gjenom ei såkalla prisutjamningsavgift, har ein sett ned prisen på mjølk som skal brukast i eksportprodukt.

– Dette har vore med på å sikre ei jamn mjølkeproduksjon i Norge. Vi har hatt ein overproduksjon for å sikre vår eigen marknad. Det missar ein totalt når ein sluttar med importstøtta, seier Nes Hjelle.