Hopp til innhold

Tine Byrkjelo fryktar følgjene av dyrare Jarlsberg i USA

Meieriet på Byrkjelo kan stå i fare for nedbemanning dersom subsidiane for eksport av Jarlsberg – ost til USA blir kutta ut.

Tine Byrkjelo.

FRYKT: Ved Tine sitt anlegg på Byrkjelo fryktar dei følgjene dersom regjeringa fjernar eksportsubsidiane til Jarlsberg-osten.

Foto: Steinar Lote / NRK

Regjeringa vil fjerne alle eksportsubsidiar på norske landbruksvarer innan 2019. Det kan mellom anna bety slutten for den langvarige eksporten av norsk Jarlsberg-ost til USA.

– Det kan fort få følgjer for tal arbeidsplassar og gi ei dårlegare utnytting av anlegget, seier meierisjef Torkil Heieren ved Tine-anlegget på Byrkjelo.

– Dramatisk endring

Anders Felde

MÅ NED: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, seier mjølkeproduksjonen må ned dersom regjeringa kuttar subsidiane.

Foto: Bård Siem / NRK

For sjølv om dei ikkje produserer Jarlsberg på Byrkjelo, fryktar Heieren reduksjonar ved anlegget.

– Alle kvitostysteria vil vere med i ei slik vurdering om ein må ta ned noko kapasitet, seier Heieren. Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, har ingen sans for regjeringa sine planer.

– Skal vi ta ned mjølkeproduksjonen med nær ti prosent i snitt over alle bøndene i fylket, så får det ei dramatisk endring av den produksjonen vi har, seier han.

– Meiningslaust

Fylkespolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) er provosert over motstanden som framlegget frå partifelle og landbruksminister Sylvi Listhaug. Han har inga forståing for kritikken.

Frank Willy Djuvik

FORSTÅR IKKJE: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner subsidiane til Jarlsberg-osten er meiningslause.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Han trur ikkje at amerikanarane vil slutte å ete Jarlsberg sjølv om den blir noko dyrare.

– Det er altså slik at norske forbrukarar sponsar at amerikanarane skal ete billegare Jarlsberg enn det vi gjer i Norge her den blir produsert. Det er ei heilt meiningslaus ordning, seier han.

Felde i bondelaget er mest uroa for kva følgjer vedtaket vil få for bøndene i fylket.

– Det vil spesielt gå utover dei som har nyinvesteringar med store faste kostnader, og ikkje minst dei som har kjøpt kvote og plutseleg blir rana for desse literane, seier han.