Hopp til innhold

Salet av nybygg stuper – Terje ser bekmørkt på framtida

«Alt» er blitt veldig mykje dyrare for dei som bygger hus. I fjor hadde Terje Thorsnes selt 30 hus og hytter før sommaren. Så langt i år har han selt fire.

Terje Thorsnes

DEN STORE STYGGE ULVEN? Slik føler i alle fall Terje Thorsnes seg som når han må senda ut fakturaer som er blitt mykje høgare enn planlagd på grunn av indeksreguleringa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Me har knapt sett starten på elendet enno. Dette året og neste år kjem til å bli stygt i heile bransjen.

Terje Thorsnes er dagleg leiar i Sognehus, som har spesialisert seg på hus og hytter. No held dei på med grunnarbeidet til eit par rekker med hytter like ved Sogndal skisenter.

Dei har framleis nok å gjera, takka vera prosjekt dei allereie har i ordreboka. Men salet av nye hus og hytter i år er skrale greier samanlikna med fjoråret.

Første halvår i fjor hadde dei selt mellom 30 hus og hytter. Så langt i år er talet fire.

«Perfekt storm»

Dei er langt frå åleine om å ha mindre nye prosjekt på gang. Den klare utviklinga i Noreg er at det blir selt færre nye einebustader og småhus, og det er også færre slike prosjekt som blir sett i gang, syner tal frå Boligprodusentenes Forening.

Blant anna er salet av nye einebustader i mai i år, 33 prosent under det det var i mai i fjor.

Og når folk ikkje vil bygga nye hus, mistar entreprenørane mykje arbeid.

– Totalen i marknaden uroar meg noko enormt. Årsakene er mange til at folk ikkje ser seg råd til å kjøpa og bygga nytt, seier han, og ramsar opp ingrediensane i den «perfekte stormen».

Terje Thorsnes, dagleg leiar i Sognehus

NYE HYTTETOMTER: Her, like ved Sogndal skisenter, bygger Sognehus hytter i klyngetun. Men så lang er det berre fem som er selde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

«Alt» dreg prisane til himmels

  • Materialprisane til ein einebustad har stige 40 prosent frå mai 2020 til mai 2022, ifølgje SSB sin byggekostnadsindeks. Det betyr at om du kjøpte material for 1 million kroner for to år sidan, måtte du betalt 1,4 millionar kroner for dei same materialane i mai i år.
  • Straumprisen skote i været. Det påverkar rekninga for byggestraum.
  • Renta gjorde eit hopp i juni, og er varsla å stiga mykje dei neste to åra.
  • Arbeidskraft er blitt vanskelegare å få tak i. Det er mangel på norske handverkarar, og det er blitt vanskelegare å få tak i utanlandske snikkarar, hovudsakleg frå Aust-Europa.
  • Drivstoffprisane har auka mykje. Ein liter diesel kosta ni kroner meir i mai i år, samanlikna med mai i 2020. Det gjer både transport av material og anleggsarbeid dyrare. I mai 2020 kosta ein liter diesel om lag 13,5 kroner. I mai i år var prisen litt under 22,5 kroner.

– Eg trur det blir mange avviklingar dei neste åra, og i verste fall også konkursar, seier Thorsnes.

Som eit døme: Ein einebustad av tre, der alle kostnadar hadde kosta 6 millionar i mai 2020, hadde kosta over 7,2 millionar i mai 2022, ifølgje SSB sin byggekostnadsindeks. Det er ein prisauke på 21 prosent.

Trur på ein mørk vinter

– Me kan få ein krevjande situasjon utover hausten og vinteren i store delar av bransjen, seier Lars Jacob Hiim, administrerande direktør i interesseorganisasjonen Boligprodusentenes Forening.

Han fortel at dei ser ein bransje som deler seg litt i to. Dei som produserer einebustadar og småhus har opplevd ein brems ei stund. Men at det i marknaden for nye leilegheiter, særleg i dei store byane, går betre.

Hiim trur at den reduserte ordrereserven truleg vil føra til dalande aktivitet for delen av bransjen som bygger hus, hytter og småhus.

Lars Jacob Hiim

UROA: Lars Jacob Hiim i Boligprodusentenes Forening.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Me er uroa for kva konsekvensar dette vil få for bustadforsyninga, bedriftene og tilsette framover, seier Hiim.

– Me blir den store, stygge ulven

I dei fleste byggekontraktar blir det lagt inn at utbyggar kan justera prisen etter byggekostnadsindeksen.

Det betyr at prisen som er avtalt i kontrakten kan justerast ettersom prisane på det ein treng for å bygga huset har endra seg mellom kontrakten vart underskriven og entreprenøren kan setta i gang med arbeidet.

– Me blir ståande som den store stygge ulven, og det er så vondt å senda den rekninga. Du får jo høyra at du har øydelagt mykje for familien som plutseleg må betala mykje meir for det nye huset sitt. Men samstundes, kva kan me gjera?

– Me kan ikkje ta den ekstra millionen på vår eiga kappe, for då hadde jo me gått under for lenge sidan, seier Thorsnes.

Han er klar på at dei må omstilla seg for ikkje å gå under.

– Me skal nok klara oss, men me har allereie hatt mange møte om korleis me må endra oss. Eg trur bransjen må endra seg. Kanskje må me ha færre folk i fast arbeid, og heller leiga inn underentreprenørar til prosjekta våre.

Anleggsarbeid i hyttefeltet ved Sogndal skisenter
Foto: Sondre Dalaker / NRK