Hopp til innhold

Fryktar hotellkollaps i haust: – Nokon har trykt på den store stoppknappen

OSLO/BALESTRAND (NRK): Det har vore ein tøff sommar for mange norske hotell, men hausten ser ut til å bli mykje verre.

Andre Schreider ved Clarion Hotel The Hub

KRITISK: André Schreiner ved Clarion Hotel The Hub seier at situasjonen er kritisk for hotellnæringa no.

Foto: Anders Fehn / NRK

– No er det full stopp for hotellverksemd i alle byar i Noreg, hevdar hotelldirektøren på Clarion Hotel The Hub.

Hotellet ligg midt i sentrum av hovudstaden, like ved Oslo S, og er det største hotellet i Noreg. Hotellet har 800 rom og 26 konferansesalar.

I sommar har besøkstala vore historisk låge, men hotellsjef André Schreiner trur det er tida framover som blir verst.

– No er det akkurat som om vi møter ein svart vegg. Framover blir det veldig tungt.

Schreiner forklarer at dei er heilt avhengige av konferansemarknaden for å tene pengar, og at den no er heilt daud.

– Det er ingen som vil ta sjansen på å arrangere store seminar eller andre arrangement som vi pleier å ha. Per no har vi ingen samlingar på fleire enn 20 menneske.

Og allereie har dei dårlege tidene fått konsekvensar for arbeidsplassar.

Hotellkjeda Scandic Hotels legg ned dei regionale salskontora for kurs- og konferansemarknaden, og 90 av 120 salsmedarbeidarar blir sagt opp.

NRK har vore i kontakt med Scandic, som stadfestar, men ikkje ønskjer å gje kommentere saka endå.

Clarion Hotel The Hub i Oslo

TOMT: På The Hub i Oslo er det ganske tomt om dagen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Slit også på bygda

Tysdag kjem tal frå SSB som syner korleis juli månad har vore for reiselivet rundt om i landet. I dag kan NRK presentere eit innblikk i hotellnæringa på ulike populære turiststader.

I både Oslo og Bergen stuper hotellbesøka, i Oslo er nedgangen på heile 46,9 prosent samanlikna med same månad i fjor.

I Tromsø går hotellbesøka ned med 26 prosent, samanlikna med i fjor.

– Vi har mista all den vanlege trafikken vi har om sommaren. Det syner at dei norske turistane ikkje har teke att for dei vanlege turistane vi vanlegvis har frå heile Europa om sommaren, seier direktør ved Scandic Ishavshotell i Tromsø Poul-Henrik Remmert.

Hotellrådgjevar Peter Wiederstrøm har også byrja å få ei oversikt over korleis august har vore for hotella som har slite, og det ser ikkje lovande ut.

– Dei førebelse tala for Oslo og Gardermoen tyder på at trenden frå i sommar berre held fram med å forsterke seg i august, seier Wiederstrøm.

– Som eit mareritt

Nokre stader, som Lofoten og Ålesund, har hatt ein betre sommar. Men også utanfor dei store byane finn vi mange hotell som no slit.

– Dette er som eit mareritt, som eg berre håpar at eg snart skal vakne opp frå, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotell i Balestrand i Sogn.

Han er fjerde generasjon sjef på hotellet som har vore drifta av den same familien sidan 1877. Han er ikkje i tvil om at 2020 er det verste året i historia til Kviknes så langt.

Etter å ha hatt koronastengt til langt ut på sommaren, har dei etter kvart fått nokre gjester i juli og august, men langt færre enn vanleg. Og no er det i ferd med å bli nesten heilt tomt på nytt.

Vanlegvis betyr hausten at dei to hundre hotellromma på Kviknes blir brukt av politikarar, forretningsfolk eller andre som driv med kurs- og konferanseverksemd. Denne hausten ser det ikkje ut til å bli noko av det, og i tillegg er turiststraumen av nordmenn i ferd med å tørke opp att.

– Det er nesten så det ikkje går an å tenkje på, vi har ikkje pengar til å halde ope eit tomt hotell veldig lenge, seier Kvikne.

NRK har vore i kontakt med regjeringa, som seier at dei kjem til å revurdere forbodet mot større forsamlingar i midten av september.

Sigurd Kvikne

VERRE ENN VERDSKRIGANE: Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel seier at koronakrisa er verre for hotellet enn både første og andre verdskrigen var.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK


– Det er ikkje på kurs og konferansar at folk har blitt smitta

– Det er på private festar, ikkje på kurs og konferansar at folk har blitt smitta. Hotella har veldig god kompetanse på å oppretthalde smitteverntiltak, seier Kristin Krohn Devold.

Ho er generalsekretær i NHO reiseliv, og håpar at regjeringa så fort som råd kan lette litt på dei restriksjonane som er der.

– Vi risikerer at store bedrifter som eigentleg er veldig lønsame, no går konkurs. Det er veldig viktig både at regjeringa held fram med støtteordningane til reiselivet ut året, men også at det etter kvart blir opna opp for større forsamlingar.

Devold seier at samlingar på meir enn 200 menneske er livsviktig for mange hotell utover hausten, og at 70 prosent av omsetnaden frå konferansar kjem frå grupper som er større enn dette