Hopp til innhold

Fryktar fylket får ansvar for seglskutene: – Det kan bli katastrofalt

Kulturdepartementet har føreslått å flytta ansvaret for tre norske seglskip frå stat til fylke. Frp er med og protesterer på at Statsraad Lehmkuhl, Christian Radich og Sørlandet kan bli fylkeskommunale.

Statsraad Lehmkuhl (t.h.), Christian Radich og Sørlandet samlet i Bergen.

NASJONALSKATT: Dei tre seglskipa Statsraad Lehmkuhl (t.h.), Christian Radich og Sørlandet var sommaren 2018 samla framfor Bryggen i Bergen.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Som ledd i regionreforma har kulturdepartementet føreslått at ei rekke kulturinstitusjonar som staten i dag har ansvar for, blir flytta over til dei nye fylka.

I Vestland fylke gjeld det til dømes Bergen Filharmoniske Orkester, Den Nasjonale Scene og altså Statsraad Lehmkuhl.

Saman med seglskutene Christian Radich og Sørlandet, kan Noregs største seglskute bli fylkeskommunal.

– Desse skipa er kanskje meir internasjonale enn nasjonale, og i alle fall mykje meir enn regionale. For havnasjonen Noreg er skipa viktige ambassadørar, seier direktør Haakon Vatle i Stiftelsen seilskipet Statsraad Lehmkuhl.

– Uforståeleg

Han seier Noreg er det einaste landet i verda som har tre nasjonalt eigde seglskuter i heilårsdrift.

I ein kronikk i Bergens Tidende skriv direktørane for dei tre seglskipstiftingane at dei motset seg forslaget om fylkeskommunalt ansvar «på det sterkaste».

– Det er heilt uforståeleg at departementet vil gjera seglskipa fylkeskommunale og samstundes seier at staten framleis skal ha ansvar for institusjonar som er «spesialiserte eller unike i nasjonal samanheng». Seglskipa er jo dei mest unike av alle desse kulturinstitusjonane, meiner Vatle.

– Nasjonalskattar

Dei tre stiftingane får støtte frå Framstegspartiet.

– Dette er tre nasjonalskattar som først og fremst representerer Noreg. Då blir det heilt feil at tre fylkeskommunar skal sitja med det ansvaret, seier fylkespolitikar Terje Søviknes.

– Det er det norske flagget, ikkje nokon fylkeskommunalt vimpel, som vaiar i hekken på desse skipa, supplerer stortingsrepresentant Silje Hjemdal.

Silje Hjemdal og Terje Søviknes (Frp), og direktør Håkon Vatle for Stiftelsen seilskipet Statsraad Lehmkuhl.

JA TIL STATEN: Frp sin stortingsrepresentant Silje Hjemdal og fylkespolitikar Terje Søviknes støttar direktør Haakon Vatle i at Stiftelsen seilskipet Statsraad Lehmkuhl ikkje må bli eit fylkeskommunalt ansvar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Oppgåvefordelinga til fylka skal ut på høyring, og vil bli omtalt i regjeringa sin kommuneproposisjon seinare i år. Hjemdal krev at kulturminister Abid Raja (V) trekkjer forslaget om fylkeskommunale seglskuter.

– Vi inviterer han om bord for å sjå kvifor det er så viktig at desse kulturskattane og flytande ambassadørane blir verande på statsbudsjettet.

Fryktar svekka økonomi

Søviknes fryktar at økonomien for drift og vedlikehald av seglskipa kjem til å bli betydeleg svekka over tid.

– Det vil vera ein katastrofal situasjon for Noreg som nasjon viss seglskutene kvart år må kjempa med fylkeskommunane for å behalda finansieringa, meiner han.

Men Frp og FNB er åleine med kritikken. Alle dei andre partia i Vestland fylke er meir enn villig til å overta ansvaret for både seglskip og andre statlege kulturinstitusjonar.

– Vi kjenner jo kulturlivet i fylket betre enn ein statsråd i Oslo gjer, og vi prioriterer kulturlivet som noko av det viktigaste vi har. At Frp og FNB ikkje har trua på sin eigne vilje til å prioritera kulturpolitikk, får dei ta på eiga kappe, seier Stian Jean Opedal Davies (Ap), leiar i kulturutvalet.

– Er det trygt for seglskipa å bli fylkeskommunanes ansvar, der økonomien er pressa?

– Vi har økonomiske musklar til å gjera dei rette løfta. Regionreforma føreset at heile dagens statsstøtte blir overført til fylkeskommunane, svarar Davies.

70 prosent statsstøtte

Stiftinga for Statsraad Lehmkuhl får i dag 11 millionar kroner i offentleg støtte: 70 prosent frå staten, resten frå kommune og fylkeskommune.

Kulturdepartementet har ingen kommentarar til saka.

– Ingen konklusjonar er trekt endå, seier statssekretær Knut Aastad Bråten (V) og viser til kommuneproposisjonen som kjem til våren.