Hopp til innhold

Fryktar forureining, ber kommunane om svar på handtering

Forum for natur og friluftsliv er redde for at gummikulene frå kunstgrasbanene forureinar meir enn nødvendig. No må kommunane forklare seg.

Farlige gummikuler på kunstgressbaner

STORE MENGDER: Ein rapport frå Miljødirektoratet syner at kvar kunstgrasbane inneheld kring 100 tonn gummigranulat. På 15 år har talet på kunstgrasbaner i Noreg auka frå 100 til over 1000.

Foto: Kjetil Nesgård / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Vi ynskjer merksemd og bevisstheit kring dette. Og at kommunane skal gjere enkle tiltak som kan minimere mengda gummigranulat som hamnar utanfor bana og forsvinn i avløp, seier Elisabeth Dahle i Forum for natur og friluftsliv.

Elisabeth Dahle i Forum for natur og friluft.

UROA: Elisabeth Dahle og Forum for natur og friluft fryktar konsekvensane av all mikroplasten som forsvinn ut i fjorden og havet.

Foto: Ørjan Talle

Mikroplast har stått høgt på dagsorden siste tida, spesielt etter at ein kval vart funnen med 30 plastposar og store mengder småplast inne i seg. Miljødirektoratet vil vurdere å forby gummien som blir brukt i dagens kunstgrasbaner.

– Nasjonalt er gummien i kunstgrasbanene den nest største forureiningskjelda i landet. Det er eit stort problem, og det er mange slike baner og fleire under planlegging, seier Dahle.

Ole John Østenstad

ALVOR: Rådmann i Førde, Ole John Østenstad seier gummigranulat blir tema i den interkommunale klimaplanen som skal lagast i år.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Forum for natur og friluftsliv har no sendt brev til alle kommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og ber om svar på korleis gummigranulaten på kunstgrasbanene blir handtert. I Førde er dei allereie klar over problemstillinga.

– Vi prøver å halde det på bana, men det er vanskeleg. Vi har tre store baner, og så er det fleire rundt om på skulane og i grendelaga, og eg trur det vil kome fleire også, seier rådmann i Førde Ole John Østenstad.

Gummikuler frå kunstgrasbaner like ved avløp.

AVLØP: Kunstgrasbanene må etterfyllast med kring 10 tonn gummigranulat kvart år, på grunn av snørydding, avrenning og fordi det festar seg til sko og klede, meiner Miljødirektoratet.

Foto: Forum for natur og friluftsliv

Ynskjer alternative løysingar

Kvart år forsvinn det truleg fleire tonn gummi frå kvar kunstgrasbane rundt om, skriv Miljødirektoratet. Nokre av kulene blir med heim i sokkar og sko, forsvinn i vaskemaskina og vidare ut i avløp. Store mengder blir også liggande i nærleiken av banane.

– Kommunane må passe på at det ikkje fer ut i avløpssystemet og ut i fjorden og sjøen, men sikrar at det blir samla opp. Vi håpar ein kan slutte å bruke det i det heile.

Det siste er ikkje beint fram, meiner Fotballforbundet. Gummien, som kjem frå kasserte bildekk, sikrar at kunstgrasfibrane står rett opp, har ein god støtdempingsfuksjon og ligg stødig. Alternativa er ikkje mange og også dyrare.

Ole Myhrvold

TILTAK: – Dei som har kome lengt leg ut ein fiberduk om hausten og samlar opp snøen på den. Når snøen smeltar ligg granulatet att og kan samlast opp, og brukast på nytt på bana, seier Ole Myhrvold i Norges Fotballforbund.

Foto: Frank Almås / NRK

– Det er ingen gode alternativ. Kork har vore omsnakka i det siste, men det er eit lett materiale som ikkje ligg stille. Det er også mangelvare på verdsmarknaden, noko som gjer det dyrt. I tillegg kan det smuldre opp. Det blir forska på alternativ, og det følgjer vi med på, seier Ove Myrvold, anleggssjef i Norges Fotballforbund.

Han meiner at klubbar og kommunar er blitt meir bevisste på problemet og er interesserte i å gjere noko med det.

– VI har utarbeidd ein brosjyre som fortel om korleis ein kan hindre at gummien kjem på avvegar, og den er etterspurt og mange følgjer den. Vi køyrer også kurs rundt om i landet om kva tiltak ein kan setje i verk.