Hopp til innhold

Uroa for å bli omringa av kraftliner

Grunneigarar på Myklebust i Ålfoten meiner ny stor kraftline til Ytre Nordfjord burde vore sett i samanheng med datasenterutbygginga ved Lefdal gruve i Eid.

Trafostasjon Myklebustdalen

BUR TIL NY KAMP: Statnett si bygging av trafo og kraftliner på Myklebust i Ålfoten er noko grunneigarane har kjempa mot i årevis. No er det SFE sine planar som uroar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Grunneigarar i Myklebustdalen

UROA: Grunneigar Lars Endre Myklebust er uroa.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Området er alt prega av fleire store kraftliner, og grunneigarane har kjempa ein lang kamp i rettsapparatet mot eit ulovleg fatta vedtak av staten.

No fryktar grunneigar Lars Endre Myklebust at det skal kome endå fleire kraftliner.

– Det er eit hardt belasta område. Eit kvart tiltak vil forringe enno meir, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen

FRYKTAR FLEIRE: Det er desse grunneigarane fryktar det skal bli fleire av. Ei ny stor line til Ytre Nordfjord er alt omsøkt til NVE av SFE.

Foto: Alf Vidar Snæland

Fryktar fleire inngrep

Blant tiltaka dei fryktar er ei ny stor line som skal forsyne Ytre Nordfjord frå den nye store transformatoren i Myklebustdalen, og som er konsesjonssøkt av NVE. Dessutan kan datasenterbygginga i Lefdal på lang sikt skape eit enormt straumbehov, kanskje med ein eigen sjøkabel i Nordfjorden frå Ålfoten til Lefdal.

Lars Endre Myklebust fryktar grenda skal bli skjemma av alle inngrepa, og meiner dei to prosjekta burde vore sett i samanheng med kvarandre av SFE.

– No greier eg ikkje å sjå for meg korleis dette tiltaket vil sjå ut. Men ei auke blir det og det er langt frå ønskjeleg, seier han.

Myklebust meiner SFE, som er medeigar i Lefdal gruve-prosjektet, burde tatt høgde for datasenterplanane då dei planla den omsøkte luftlina mot ytre Nordfjord.

– Dette er informasjon SFE må ha kjent til, seier han.

Treng ikkje frykte luftliner

Asgeir Aase

ROAR NED: Asgeir Aase i SFE meiner grunneigarane har liten grunn til uro.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men nettdirektør i SFE Asgeir Aase meiner han kan roe grunneigarane på Myklebust. Han seier den ytre lina ville ha kome uansett.

– Den står på heilt eigen kjøl og skal forsyne Ytre Nordfjord. Det er den billegaste og enklaste måten å gjere det på og har ikkje noko med Lefdal Gruve å gjere i det heile. Men det er mogleg å forsyne Lefdal med denne lina, dersom det skulle bli behov, seier Aase.

Han seier det kan bli aktuelt med ein eigen sjøkabel som kryssar Nordfjorden frå kraftverka i Ålfoten til Lefdal, om datasenteret blir stort nok. I tilfelle skal straumen hentast frå Åskåra/Øksenelvane sin transformator som ligg ved sjøen, og seier ein ikkje treng å frykte fleire luftliner.