Hopp til innhold

Datalagringa i Lefdal Gruve vil trenge straum tilsvarande ein norsk by

Datalagringa i Lefdal gruve i Eid vil kunne krevje straum som svarar til energibehovet til Hydro Høyanger og Elkem Bremanger – til saman.

Skisse over Lefdal gruve slik den skal sjå ut

DATASENTER: Den tidlegare olivingruva i Lefdalsbygda i Eid kommune skal no bli gjort om til eit toppmoderne datasenter.

Foto: Nordwest3D

For to veker sidan vart det kjent at internasjonale datagigantar går inn i Lefdal gruve, og bygginga av det som kan bli det største datasenteret i Europa er no i full gang.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) arbeider no med å sikre straumforsyninga til gruva. Nettdirektør Asgeir Aase seier datalagringa i gruva vil føre til mindre eksport og meir effektiv utnytting av straumen.

– Dette betyr at nettet ikkje blir så anstrengt. Vi slepp å eksportere så mykje straum, det blir mindre tap og betre skaping av verdiar, seier nettdirektøren til NRK.no.

– Dette er svære tal

Asgeir Aase

MINDRE EKSPORT: Asgeir Aase i SFE seier dei kjem til å eksportere mindre straum når datagruva i Eid står klar.

Foto: Johan Moen / NRK

Straumproduksjonen i Sogn og Fjordane er i dag mykje større enn forbruket, men vert datalagring i Lefdal gruve vellukka vil behovet for straum lokalt auke kraftig.

Gruva sitt behov vil kunne svare til årsforbruket til 80.000 husstandar.

– Om dette blir vellukka og bra, noko vi sjølvsagt håpar på, så er det snakk om ei mengde på rundt 200 megawatt. Det svarar til summen av Elkem Bremanger og Hydro Høyanger til saman, for å gje eit bilete av det. Dette er svære tal, seier Aase.

Avgjerande rolle

Mats Andersson marknadsdirektør i Lefdal gruve

AVGJERANDE: Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter seier SFE har spelt ei avgjerande rolle for prosjektet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sogn og Fjordane Energi kjøpte seg inn i Lefdal Mine Datacenter alt for fire år sidan. No eig dei 16 prosent av selskapet, ein aksjepost som svarar til 30 millionar kroner.

– Utan SFE hadde vi ikkje vore her i dag, seier marknadssjef Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter som ikkje legg skjul på at det lokale energiselskapet har hatt ei avgjerande rolle for prosjektet.

– Dei gjekk inn og kapitaliserte opp selskapet etter forprosjektet og går no inn med eigenkapital. Det har gitt oss moglegheit til å løfte dette, seier han.

Store investeringar

Kapasiteten til straumlinjene rundt gruva er gode nok til behovet i starten. Men SFE ser ikkje bort frå at det kan bli behov for sjøkabel over fjorden for å tilføre straum frå kraftverka i Ålfoten og Bremanger.

– Her snakkar vi om ei stegvis utbygging, først ei investering på mellom fire og fem millionar, seinare 20 millionar kroner og om dette tek av er det snakk om ei investering for godt og vel 100 millionar kroner. Dette er ein god del av vår verksemd, men dette er vi rigga for, seier Asgeir Aase i SFE.

Det enorme datasenteret i Lefdal gruve i Nordfjord BLIR no bygd. Dei første såkalla server-parkane skal stå klare til neste år. Det er venta at prosjektet vil gje over 100 nye arbeidsplassar.