Hopp til innhold

Sunniva (23) vart drepen – familien heidrar henne med fond

Det var 23 år gamle Sunniva Borgen som døydde etter eit knivangrep i Åsane natt til 12. september. Familien vil no oppretta eit fond for å heidra minnet hennar.

Sunniva Borgen

BLIR HEIDRA: Familien til Sunniva Borgen heidrar henne med å oppretta med fond.

Foto: Privat

– Sunniva viste gjennom livet sitt eit sterkt engasjement for barn og unge som av ulike grunnar, fysisk sjukdom, psykisk liding, vanskelege oppveksthøve, eller andre grunnar, hadde det vanskeleg, skriv familien på minnesidene.

Fondet skal ha som føremål å støtta arbeid til hjelp for unge, sårbare menneske.

Familien skriv vidare i minneordet om Borgen:

– Ho engasjerte seg i barn og unge med utfordringar, ho såg etter moglegheiter og løysingar og hjelpte gjerne til sjølv, trass i eigne helseutfordringar. Familien ønsker å heidra Sunniva sitt minne gjennom å oppretta eit fond som skal ha som formål å støtta arbeid til hjelp for unge sårbare menneske. Nærmare bestemde statuttar vil bli offentleggjort på eit seinare tidspunkt, når fondet er offentleg registrert.

Det var natt til søndag 12. september at politiet rykka ut til ei leilegheit på Nyborg i Åsane og arresterte ein mann i 20-åra for drapsforsø k.

Mannen skal ha knivstukke Borgen fleire gonger inne i leilegheita.

Førre fredag døydde ho av skadane .

Politiet vart varsla om hendinga klokka 04.41 natt til søndag. Då hadde naboar høyrt mykje bråk frå leilegheita. Politiet måtte bruka peparspray for å arrestera han.