Eigar Reidar Helgheim fortel at tjuvane har teke med seg nesten alt dei hadde av gullvarer og diamantvarer.
– Eg veit ikkje enno kor store verdiar det dreier seg om, men det er ein god del, for dei har fått med seg mange dyre smykke. Dei dyraste kostar 15-20.000 kroner.
I tillegg er det teke ein del klokker, men ifylgje Helgheim ikkje dei såmange av dei mest verdfulle ura.
– Og heldigvis har dei ikkje brydd seg med kamera og fotoutstyr, det er bra for oss i julehandelen at vi ikkje har gått lens for kamera og klokker. Men det er sjølvsagt trist å oppleve noko slikt.
(Artikkelen held fram under videoen)
Alarmen gjekk 03.50
Helgheim fortel at naboar høyrde alarmen gjekk klokka 3.50 i natt, men av ein eller annan grunn vart ikkje han sjølv varsla. Han oppdaga innbrotet då han kom på jobb klokka ni.
– Dei har kome seg inn døra ved å ta vekk nokre beslag.
Tjuvane har og øydelagt nokre diskar i forretninga.
Politiet ynskjer tips frå publikum på tlf 02800.
Innbrot også i 2007
Den 21. mars 2007 var det og innbrot i forretninga. Då var det kamera tjuvane gjekk etter. Det innbrotet er ikkje oppklart.
- LES OGSÅ: