Hopp til innhold

Fredar lokalsjukehusa - igjen

Nøkkelformuleringa «ingen lokalsykehus skal legges ned» er tilbake i dei såkalla oppdragsdokumenta til helseføretaka.

Jens Stoltenbergs regjering 19. oktober 2009

FREDAR: Regjeringa gjer ei vesentleg endring i instruksen til helseføretaka.

Foto: NRK

Helse- og omsorgsdepartementet fjerna setninga i fjor - eit trekk som av mange vart tolka som eit signal om at helseføretaka kunne planlegge med sikte på å legge ned lokalsjukehus.

Etter lang tid med press frå sjukehusdemonstrantar og stortingsopposisjonen, kan Senterpartiet sleppe jubelen laus, skriv Klassekampen.

LES OGSÅ:

- Det skulle berre mangle at dette viktige prinsippet blir gjort eksplisitt i dokumenta, seier nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe, til avisa.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Demonstrasjon i Måløy

DEMONSTRASJON: Både i Måløy og i Oslo vart det i desember demonstrert mot omlegginga av sjukehustenestene i Norge.

Viktig å understreke

Ved sidan av føretaksmøta, er oppdragsdokumentet regjeringa sitt viktigaste verkemiddel for å styre dei regionale helseføretaka.

Toppe meiner det difor er openbart at det der blir understreka at lokalsjukehus ikkje skal leggast ned.

- Då formuleringa vart fjerna i fjor, tolka helseføretaka det som eit signal om at nedlegging var mogleg, seier ho til Klassekampen.

- Ikkje nytt

Robin Martin Kåss, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, avviser at endringa i oppdragsdokumenta medfører eit skifte i regjeringa sine prioriteringar.

I Sogn og Fjordane har mørke skyer kvilt over framtida til lokalsjukehusa i Eid og Lærdal . På landsbasis er fleire sjukehus nedleggingstruga.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 0e14aa77-9555-49c1-a936-685d42cfbe9a.jpg

DEBATT: Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) om sjukehusdebatten.

- Men dette er jo ikkje noko nytt prinsipp, det har vore regjeringa sin klare politikk sidan 2005 at lokalsjukehus ikkje skal leggast ned, seier han til avisa.

Toppa seg i desember

At regjeringa no fører nøkkelformuleringa inn att i oppdragsdokumenta, kan tyde på at demonstrantane har nådd fram. I desember toppa motstanden seg med ein stor demonstrasjon i Oslo . I Måløy protesterte dei via storskjerm . Sidan har også samtlege parti, med unntak av Arbeidarpartiet, teke til orde for å avvikle føretaksmodellen.

På trass av semja om at "ingen lokalsjukehus skal leggast ned", har ikkje helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ville grippe inn i føretaka sine vedtak om å avvikle viktige funksjonar ved lokalsjukehus.

At ingen lokalsjukehus skal leggast ned er blitt gjenteke ved fleire høve, men førebels er det ikkje definert kva eit lokalsjukehus skal innehalde.

- Problemet er at dei raudgrøne ikkje har noko heilskapleg plan, men gir etter der presset er størst. Det blir litt tilfeldig kor ein går inn og tek grep. Då blir politikken usamanhengande og uforutsigbar. Og det er nettopp desse tinga som har gjort sjukehussaka så vanskeleg for regjeringa, seier helsepolitisk talskvinne i KrF, Laila Dåvøy, til avisa.