Hopp til innhold

Frå nedtur til opptur for oppdrettstorsken

I to rundar har draumen om oppdrettstorsk havarert. På det tredje forsøket skal det skje, trur næringa.

Havlandet i Florø

HÅP: Sjølv om oppdrettstorsken framleis er liten i volum, trur næringa at torsken blir viktig for å kunne tilby fast og stabil leveranse gjennom heile året.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dette er veldig flotte egg. Blanke og rike på farge.

Med erfarne hender stryk Halvard Hovland ut fleire hundre tusen egg frå hofisken ned i ei lita bøtte. Dette blir blanda med mjølke frå ein stor og kraftig hann-torsk.

Hovland er dagleg leiar ved Havlandet Marine Yngel i Florø. I den nye bygningen står seks personar klare.

Bassenget et full av stamfisk på 10–12 kilo som no skal bidra i yngelproduksjonen.

– Vi har utvikla ein fisk som er tam, som har blitt eit husdyr og som har betre produksjonseigenskapar enn villtorsken hadde då vi tok han på land for 20 år sidan. No har vi avla på sju generasjonar med torsk, seier han.

Stryking av torsk ved Havlandet Marin Yngel i Florø

MANGE EGG: I ein ho-torsk er det 200.000-300.000 bitte små egg. Desse blir samla i ei bøtte og etterpå blanda med mjølke frå hannfisken.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

8 millionar torskeyngel

Viseadministrerande direktør Beate Solheim Grønnevik er stolt over kva dei har fått til. Fisken som før brukte fire år på å nå slaktevekt, brukar no 18 månader.

– Forsking og utvikling har lært oss å lage torsk som er fin, sterk og sunn.

Det var i august i fjor at Havlandet starta produksjonen i det som er verdas største yngelanlegg for torsk, og i januar hadde dei levert 8 millionar torskeyngel.

– Dei blir til 140 millionar torskemåltid. Marknadspotensialet er enormt, seier Grønnevik.

Tala viser at 2022 blei eit rekordår for eksport av sjømat.

Tal frå Noregs sjømatråd viser at oppturen også gjeld for oppdrettstorsken. Både i 2022 og så langt i 2023 viser tala at han aukar både i volum og verdi.

Totalt blei det eksportert oppdrettstorsk til 21 land i fjor, seier sjømatanalytikar Eivind Hestvik Brækken.

Spania er størst med 35 prosent av marknaden.

Men sjølv om det er ein auke for oppdrettstorsken er han liten samanlikna med laksen.

«Verda treng meir mat»

Men framtidstrua er der, og verda treng meir mat.

– Vi har fått ein slags restart. Det har vore to rundar før med torskeoppdrett, der det har gått litt skeis, seier Krister Hoaas, som er fagansvarleg for torsk i Sjømat Noreg.

Sjølv om oppdrettstorsken framleis er liten i volum, trur Hoaas at torsken blir viktig for å kunne tilby fast og stabil leveranse gjennom heile året.

Han legg til:

– Verda treng meir mat og vi treng meir mat frå sjøen. Det er skort på areal på land og vi har ein aukande befolkning i verda.

Ein ønska politikk

Også fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap) merkar optimismen i torskeoppdrettsnæringa.

– Regjeringa ønskjer å legge til rette for ein berekraftig vekst. Får vi til ein god sameksistens og har strenge reglar for oppdrett, kan tradisjonelt fiskeri og oppdrett skape arbeidsplassar, aktivitet, verdiskaping og store eksportinntekter, seier han.

I tillegg til Havlandet i Florø driv også det statlege matforskingsinstituttet Nofima med stamfisk.

Skjæran seier det er brei politisk semje om arbeidet med å få betre genetisk materiale, og at torsken i dag er «ein heilt anna torsk» enn varianten som gjekk på ein stor nedtur.

Halvard Hovland ved Havlandet Marin Yngel i Florøl
Yngel-produksjon på Havlandet i Florø
Havlandet i Florø
Torsk ved Havlandet Marin Yngel i Florø
Torskeegg ved Havlandet Marin Yngel i Florø
Torsk ved Havlandet Marin Yngel i Florø
Torsk ved Havlandet Marin Yngel i Florø

Kollapsen og utfordringane

Etter mange år med optimisme i bransjen, blei oppdrettstorsken den store taparen rundt 2010.

– Det var mange ting som gjekk gale. Dei biologiske utfordringane blei undervurdere, ein undervurderte kor stor marknaden på godt betalande produkt var, og ein føresåg ikkje at torsken skulle komme tilbake i havet i dei enorme mengdene som han gjorde, sa Halvard Hovland til NRK i 2014.

Les også Fiskerne sier de får garnet fullt av rømt torsk – men ingen vet hvor torsken har rømt fra

Torsk.

Statt Torsk i Vanylvsfjorden er blant dei som no satsar for fullt.

– Vi tykkjer det er veldig spennande, seier dagleg leiar Gustave Brun-Lie.

I år skal dei levere 3500 tonn med fisk. Om tre år er målet 12.000 tonn i året.

Det meste går til land i Sør-Europa, og til Japan og Sør-Korea.

– Torsken kan brukast til sushi og sashimi. Vi kan sende han utan å fryse han ned, seier Brun-Lie.

 Halvard Hovland ved Havlandet Marin Yngel i Florø

Dagleg leiar Halvard Hovland er ein av dei i verda som kan mest om torskeoppdrett og yngelproduksjon.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Håper på steril fisk

I tankane i anlegget på Havlandet i Florø sym den store stamfisken.

Dagleg leiar Halvard Hovland seier det har vore utfordringar gjennom heile verdikjeda.

No lysstyrer dei torsken slik at dei unngår at han blir kjønnsmoden, noko som kan gi store økonomiske tap for oppdrettaren.

– Det er heller ikkje ønskeleg med utslepp av egg og mjølke til det ytre miljøet. Dette må vi levere godt og påliteleg på framover for å få lov til drive oppdrett av torsk i opne system.

Og han har ein heilt klar ambisjon:

– Målet er å få til ein steril fisk i løpet av fem år. Om det skulle bli rømmingar, vil det bli fiskekjøt på avvege, ikkje genetikk.

Men for å unngå rømming har dei utvikla tekstilar som ikkje raknar.

– Torsken kan byrje å gnage om det er byrjande hol i nøtene. Han er nysgjerrig og likar å leike.

Har du tips og innspel til denne eller andre saker? Ta gjerne kontakt.