Hopp til innhold

Feilvurderte torskemarknaden - no ligg næringa brakk

Då det vart satsa millionar på torskeoppdrett, vart det ingen som tok høgde for at villtorsken ville komme tilbake til svært låge prisar.

Torskeoppdrett

SET IKKJE UT: For første gong sidan 1993 vert det ikkje sett ut torskeyngel i oppdrettsanlegga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

No ligg det skulle bli det nye norske eksporteventyret brakk.

– Marknaden har vore prega av villfisken, der vi har hatt ein større auke i villfisk av torsk enn vi hadde trudd. Prisen har dermed vore lågare. Vi trudde kanskje ikkje at oppdrettstorsk og villfisk ville konkurrere om den same marknaden, men det har dei til ein viss grad gjort, seier prosjektleiar ved Norsk sjømatsenter, Grethe Adoff.

Påverka prisen for oppdrettstorsk

Og taparen, det vart oppdrettstorsken. 10 år etter at optimismen var på topp, og staten gav 350 oppdrettskonsesjonar, held dei tre siste anlegga på å avvikle. Det er ikkje pengar å tene.

– Villfisken har påverka prisen for oppdrettstorsk, seier Adoff.

Men det såg lyst ut. Går ein 10 – 15 år tilbake i tid var torskefisket på eit minimum. Torsken var så godt som borte frå norskekysten, også frå gyteområda i Lofoten, og tanken om oppdrett av den populære matfisken verka som ein gyllen tanke.

I alle fall når store deler av den no lukrative laksenæringa gjekk med tap.

– Vi planla å drive med torskeoppdrett i årevis framover, fortel Ole Bakke i Seamatech.

Anlegget deira i Vadheimsfjorden i Sogn er eitt av dei aller siste attverande oppdrettsanlegga for torsk i Norge. Men, som NRK Dagsrevyen fortalde før helga, blir all fisken i løpet av sommaren send til slakting.

– Det har ikkje vore noko eventyr. Vi har stort sett tapt pengar heile tida, seier Bakke.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Innovasjon Norge la 50 millionar på bordet til det som skulle bli den nye gullnæringa. No er dei siste oppdrettarane i ferd med å leggje ned.

Mange ting som gjekk gale

– Optimismen og investeringslysta var i taket, seier Halvard Hovland ved Havland Marine Yngel i Florø.

I 12 år har han og kollegaene jobba med å avle fram torskeyngel. På det meste var det over 20 torskeyngelprodusentar i landet. Men næringa fekk marknaden midt i fleisen.

No gir også florøværingane seg med torsk.

– Det var mange ting som gjekk gale. Ein undervurderte dei biologiske utfordringane, ein undervurderte kor stor marknaden på godt betalande produkt var, og ein føresåg ikkje at torsken skulle komme tilbake i havet i dei enorme mengdene som han gjorde, seier Hovland.

Heller ikkje finanskrise eller fôrprisar hadde ein føresett godt nok.

– Det var mange problem som kom oppå kvarandre, og gjorde at det gjekk som det gjekk, seier Hovland.

Er optimistisk på næringa sine vegner

Grethe Adoff har følgt næringa tett, heilt sidan dei første spede forsøka med å starte oppdrett av torsk, på slutten av 80-talet.

– Vi har lukkast på mange ting når det gjeld torskeoppdrett. For oss som har vore med på den utviklinga, så har ein sett at ein produksjonsmessig har lukkast med veldig mange ting, seier Adoff.

Ho peikar på at det er store forbetringar i produksjonen.

– Problemet med torskeoppdrett har vore lønnsemd for oppdrettarane, seier Adoff.

Og sjølv om torskeoppdrettarane totalt feilvurderte marknaden, så har ikkje alt vore vekkasta, meiner Adoff.

– Vi har brukt mykje pengar på det i Norge, og vi har fått mykje tilbake av kunnskap og teknologi. Så det har vi. Eg er optimistisk på næringa sine vegner, sjølv om eg tykkjer det er trist at vi ikkje har fleire oppdrettarar i dag, seier Adoff.

Tvilar på om det blir noko meir

Ho legg til at det i år ikkje vert sett ut noko ny yngel i matfiskanlegga.

– Det er første gong vi ikkje har gjort det sidan 1993, seier Adoff.

I Vadheim ønskjer også Ole Bakke at torsken skal ha ei framtid, men nett no ser det mørkt ut.

– Om det blir sett ut yngel ein gong i framtida, skal eg ikkje seie sikkert. Men eg tvilar, seier Bakke.