Hopp til innhold

Landslagsspelar Tuva Hansen kjem i skuggen av sin eigen hund

Sjølv om Tuva Hansen er kaptein på Brann og klar for EM, har ho langt færre fans enn hunden sin. Vilja har nemleg over ein million følgjarar på TikTok.

Tuva hansen og hunden Vilja

POPULÆR DUO: Brannkaptein og EM-klare Tuva Hansen og hunden hennar Vilja har ein million følgjarar på TikTok.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Sjølv om mange av følgjarane er internasjonale, er det òg nok av norske følgjarar. Det fører til at både eigar og hund blir kjende att på gata.

– Dei spør meg gjerne om eg er mamma eller mor til Vilja. Det syns eg er litt rart, for då tenkjer eg: Nei? Eg er fotballspelar på Brann!

Hunden Vilja har teke TikTok med storm. Dei mest populære videoane har blitt sett over 30 millionar gonger.

– Eg trur det er ei blanding mellom at ho ser veldig søt ut, og så er ho ganske lydig. Det trur eg er ein viktig faktor, seier eigar Tuva Hansen.

Ho er kaptein på Brann, og klar for fotball-EM i England.

På videoane får ein vera med Vilja på kvardagslege gjeremål, som bading, pelsklipping og eting.

Men Vilja har òg mange triks på lager.

– Det er berre å trena i ti minutt kvar dag. Det er ikkje så vanskeleg som mange trur. Ein treng ikkje trena fleire timar kvar dag.

Tok heilt av

Følgjarane til Vilja kjem frå heile verda.

– Eg får meldingar frå alle land, det er veldig kjekt, seier Hansen.

Tuva Hansen og Vilja

Vilja er ein cockapoo, ein krysning av cocker spaniel og puddel.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Sjølv om Brann sitt kvinnelag har fått eit stort oppsving den siste tida, er ikkje fanskaren i nærleiken av den Vilja kan skilta med.

– Folk er himla interesserte i ho, det er veldig spesielt, seier Hansen. Ho er overraska over all merksemda Vilja får, seier ho.

I utgangspunktet oppretta ho ein brukar på TikTok for å laga videoar som skulle publiserast i ei slags dagbok på Instagram.

Og så tok det heilt av. Denne videoen er sett over 31 millionar gonger.

Denne videoen er sett over 31 millionar gonger.

– Det er litt rart at ein hund kan skapa så mykje interesse, men det er sjølvsagt utruleg kjekt.

Hansen trekkjer fram at det er mange hundeeigarar der ute som kan kjenna seg att i videoane dei lagar.

– Nokre ønskjer tips og råd, og andre syns det er kjekt å sjå på samhandlinga Vilja og eg har.

Tuva Hansen og Vilja

Hansen trur noko av grunnen til at Vilja er så populær er at ho er lydig og har mange triks på lager.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Klare for EM

Tuva Hansen har no reist til England for å spela med flagget på brystet i fotball-EM.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway - Poland

Tuva Hansen er nummer to frå høgre. Saman med det norske landslaget skal ho spela EM i England.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Der er tilskodarrekorden allereie knust, då det er selt 517.000 billettar til kampane. Den tidlegare rekorden vart sett i Nederland i 2017, der det blei selt 240.045 billettar.

Finalen på nasjonalarenaen Wembley er utseld. Der skal 90.000 sjå kampen.

Og Hansen har planar om å koma langt.

– Ein og ein halv månad vekke frå Vilja, det blir tungt.

– Ja, det blir så lenge?

– Det blir truleg det, sidan me skal nå så langt, seier Hansen og smiler lurt.

Ho fortel at dei gjorde eit lite forsøk på å få Vilja med som terapihund.

– Men det gjekk ikkje heilt gjennom, så mamma og pappa passar ho i sommar.

Noreg sin første kamp er mot Nord-Irland, torsdag 7. juli.

Tuva Hansen og Vilja

På tur er favorittaktivitetane til Vilja å bada, øva på triks og springa etter ball.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal