Hopp til innhold

Fotballen sine seks krav til regjeringa

Breiddeklubbane kan gå på eit samla tap på 400 millionar kroner. NFF fryktar dårlegare tilbod til barn og unge.

Dagleg leiar i Os Turn Fotball, Endre Brenne

TAP: Dagleg leiar i Os Turn Fotball, Endre Brenne, seier dei har tapt mykje pengar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fotballfritidsordninga (FFO) på Kuventræ i Os i Vestland er i gang etter tre månaders pause. Når ballen igjen triller, triller og pengane inn i klubbkassa til Os Turn Fotball.

Både fotballbarna og pengane har vore sårt sakna.

– Vi har tapt mykje pengar på at FFO har vore stengt ned. Vi har og mista inntekter frå kiosksal, treningsavgift og kontingentar, seier dagleg leiar Endre Brenne.

– Vi er uroa over av kva dette betyr på lang sikt. Frykta er at tilbodet til barn og unge vert dårlegare.

Kravliste til regjeringa

Og Os Turn er ikkje dei einaste som er uroa.

Noregs Fotballforbund fryktar at koronakrisa vil vere øydeleggande for både topp- og breiddeidretten.

NFF estimerer at breiddeklubbene vil tape over 400 millionar kroner på koronakrisa.

– Det er viktig at politikarane forstår kva som står på spel, seier Knut Berge, dagleg leiar i NFF Hordaland.

Dei meiner den første tiltakspakken var alt for dårleg, og kjem no med seks krav til dei neste:

  • Kompensasjon for bortfall av kommersielle inntekter, medrekna sponsorinntekter og TV- og medieinntekter inkluderast i idrettsparken. Dette gjerast med tilbakeverkande kraft frå 12. mars.
  • Avkortninga i dekninga blir fjerna.
  • Toppfotballen vert kompensert for bortfall av billettinntekter og andre kampdagsinntekter frå oppstarten 15. juni. Dette varer inntil publikumsbegrensningene blir fjerna.
  • Breiddefotballen kompenseres for bortfall av inntekter frå fotballakademier/fotball-SFO, samt gjennomføring av seriekampar og cuper. Dette kan gjerast gjennom ei utviding av forskriftas tolking av arrangement og har tilbakevirkende kraft til 12. mars.
  • Idrettspakka vert forlenga ut 2020, og kompenserer inntektsbortfall så lenge dei til kvar ein tid gjeldande smittevernreglane avgrensar/reduserer fotballen sine inntektsmuligheter.

– Vi krev at tapa til klubbane blir kompensert fullt ut.

Dagleg leiar i Hordaland fotballkrets, Knut Berge.

KRAV: Dagleg leiar i Hordaland fotballkrets, Knut Berge, kjem med seks krav til staten.

Vil dekke 70 prosent

Men regjeringa vil ikkje dekke alle tap som fotballen har hatt.

– I neste tiltakspakke vil vi foreslå at 70 prosent av alle inntekter vert erstatta, seier kulturminister Abid Raja (V).

– Det betyr at til dømes ein planlagd loppemarknad vil få erstatta mesteparten av dei forventa inntektene.

Raja seier han deler uroa for at mange vil velje vekk idrett, eller ikkje ha råd til å betale kontingentane.

– Difor er det viktig at regjeringa har dialog med klubb og forbund om kva tiltak som trengst framover.

Abid Q. Raja

70 PROSENT: Kulturminister Abid Raja seier at dei i neste tiltakspakke vil foreslå at 70 prosent av alle inntekter vert erstatta.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Ser allereie at mange har slutta

Hjå Os Turn ser dei allereie at mange har slutta. På fotballfritidsordninga er det ein tredel færre ungar enn i mars.

– Det betyr mindre inntekter, og at vi på sikt ikkje har råd til å halde oppe tilbodet på dagens nivå, seier Endre Brenne.

– Vi opplevde at førre tiltakspakke ikkje trefte oss. Difor er vi ganske avhengige av det som kjem frå staten denne gongen.