– Vi har grunn til å tru at omfanget er endå større enn det vi har kartlagt, men vi har avgrensa oss til fornærma som vi trur er busett i Noreg, og til dei mest alvorlege tilfella.
Det seier politiadvokat Sissel Kleiven i Vest politidistrikt.
I dag starta rettssaka mot austlendingen som dei siste åra har hatt adresse i Sogn. Han er tiltalt for nettvaldtekter mot i alt 19 mindreårige gutar.
Av dei er 16 norske, ein svensk og to danske. I tillegg har han delt bilete han fekk frå ei mindreårig jente.
Mannen har innrømt at han brukte dataspelet Fortnite og appen TikTok til å lokke unge gutar til Snapchat.
– Det verkar som at dialogen med gutane har byrja på TikTok, og at han har brukt dataspelet Fortnite som eit samtaleemne. Etter kvart har han leia samtalen over på Snapchat, og det er der dialogen har fått ein meir seksuell karakter, seier Kleiven.
ARENA FOR OVERGREP: Mannen i tjueåra snakka gjerne om og spelte Fortnite med dei mindreårige gutane.
Foto: Oddleif Løset / NRKSaker frå heile landet
I retten blei det lagt fram svært grove detaljar frå nettovergrep, der den tiltalte har trua barn ned i 7-årsalderen til å gjere ting med seg sjølv.
Blant anna skriv den tiltalte på Snap at han vil skade seg sjølv dersom barnet ikkje sender bilete av sitt eige kjønnsorgan.
– Det kom fleire politimeldingar frå andre kantar av landet som vi skjønte handla om den same mistenkte, fortel Kleiven.
I januar 2020 førte det til at politiet i Sogn og Fjordane arresterte personen som no er sikta.
– Blir meir vanleg
Politiadvokaten legg ikkje skjul på at det er vanskeleg å etterforske overgrepssaker som går langt utover landegrensene.
– Vi trur denne type seksuelle overgrep på internett berre blir meir vanleg. Små born er ganske flinke i engelsk så vi opplever stadig oftare at små barn blir utnytta der den mistenkte til dømes er i USA.
Mannen sin forsvarar, Lene Knapstad, ønskjer ikkje å kommentere det som kjem fram i tiltalen og under første dag av rettssaka.
– Klienten min har tilstått frå første politiavhøyr. Ut over det har eg ikkje fleire kommentarar no.
Saka mot mannen går i Sogn og Fjordane tingrett denne og neste veke. Der skal det blant anna spelast av 17 tilrettelagde avhøyr av overgrepsoffer.