Hopp til innhold
Fortnite illustrasjon
Foto: Oddleif Løset / NRK

Tiltalt for overgrep mot 19 barn

Oppsummert

Ein mann i 20-åra frå Sogn er tiltalt etter å ha sendt og fått seksualiserte bilete frå barn mellom sju og 15 år. Mannen fekk kontakt med barna via spelet Fortnite.

  • – Han sa han var sju år

    Tiltalte blir no pressa av aktor til å gå i detaljar på korleis han blei kjend med dei ulike barna. Fleire av barna møtte han først gjennom spelet Fortnite. – Kor gamal sa guten at han var? – Han sa han var sju år, seier tiltalte.

  • Syner fram meldingar

    Aktor går no igjennom ulike chattar titalte har hatt med mindreårige på Snap. Det er vanskeleg for tiltalte å forklare seg om dei enkelte meldingane. I meldingane krev han at den mindreårige skal ta seksualiserte bilete av seg sjølv.

  • Hadde mange følgarar

    Tiltalte forklarer at han hadde over 15.000 følgjarar på Tiktok og at det var slik han kom i kontakt med barna han forgreip seg på. Han fekk mange av følgarane til å legge han til på Snap. Det var i stor grad der nettovergrepa skjedde.

  • Fornærma forklarar seg

    Mannen i 20-åra har no starta si forklaring om forholda han har innrømma. Han fortel at han i 2019 brukte mykje av tida si på telefonen og at han ikkje var i arbeid. Overgrepa han har innrømma skjedde i stor grad via mobiltelefon.

  • Tre fornærma utanfor Noreg

    Det er gjennomført i alt 17 avhøyr av barn rundt om i Noreg i samband med saka. To av desse i Danmark og eitt i Sverige. – Vi har halde oss til saker i Skandinavia. Men vi trur det er fleire offer også i andre land, seier aktor.

  • Fekk politimelding frå Østfold

    Ein far i Østfold var den første som melde tiltalte til politiet. Meldinga førte til at politiet kunne gå til aksjon mot sogningen i 20-åra. – Det kom raskt mistanke om at det kunne dreie seg om mange saker, seier aktor Sissel Kleiven.

  • Innrømmer Tiktok-overgrep

    Tiltalte innrømmer at han brukte chattefunksjonen i Tiktok til å utføre overgrep mot mindreårige gutar. Blant anna sende han meldingar der han sa til gutar at han var forelska i dei og ønska å ligge i senga med dei og gjere «kjæresteting».

    Politiadvokat Sissel Kleiven.
    Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
  • Aktor les opp tiltalen

    Aktor Sissel Kleiven les no opp tiltalen mot den overgrepstiltalte mannen. Han innrømmer straffskuld for fleire av dei grove overgrepa. Han fekk mindreårige gutar til å utføre seksuelle handlingar på seg sjølv via Snap og andre sosiale medium.

    Politiadvokat Sissel Kleiven.
    Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK