Hopp til innhold

Første del av køyrebana på plass

Tysdag kveld kom den første av stålkassane som utgjer køyrebana på Dalsfjordbrua på plass.

Stålkasse på plass på Dalsfjordbrua

PÅ VEG OPP: Den første delen av køyrebana på veg opp på plass på Dalsfjordbrua.

Foto: Harald A. Holmefjord / Statens vegvesen

Det var kranbåten «Uglen» som heisa elementet opp. I går føremiddag kom det andre elementet på plass, men etter det vart vinden så sterk at dei måtte utsette neste løft, fortel byggjeleiar Harald A. Holmefjord.

– Arbeidet er avhengig av at det ikkje er for sterk vind, og i går blés det for mykje.

I 9.30-tida i dag var det tredje elementet på plass, og det blir rekna med at dei skal greie to til i dag.

Alt på plass laurdag

Dersom alt går etter planen skal alle dei 11 bruelementa vere ferdig monterte utpå kvelden laurdag, seier Holmefjord.

– Då startar arbeidet med å sveise saman seksjonane, det vil ta eit par måndader.

Han fortel at arbeidet er i rute.

– Stålarbeidet skal vere ferdig 3. oktober, slik det ser ut i dag.

Det er det nederlandske firmaet HSM BV som har stålarbeidet på Dalsfjordbrua, dei hadde det lågaste anbodet på vel 161 millionar kroner.