Hopp til innhold

Her er køyrebana på veg

Stålkassane som utgjer køyrebana på Dalsfjordbrua er no på veg på siste etappen inn Dalsfjorden.

Køyrebana til Dalsfjordbrua på veg

HER ER KØYREBANA: lekteren med stålkassar på veg frå Askvoll mot Otterstein.

Foto: Ketil Dalsøren

Denne veka startar monteringa av det som er den siste, men slett ikkje minst vesentlege brikken i puslespelet.

Stålkassane kom med lekter til Askvoll fredag, og i dag vart lasta buksert innover mot Otterstein i Dalsfjorden.

– No er både delar og utstyr på plass, og etter planen håpar vi å få gjort første løftet tysdag, seier prosjektleiar Einar Kåre Hovland hos Statens vegvesen.

250 tonn

Kvar stålkasse er 48 meter lange, med eitt par som er noko kortare. Den ferdige brua blir 619 meter lang, med fritt spenn på 523 meter og til saman 96 meter viadukt inn til dei to brutårna.

Køyrebana kjem i 11 delar og kvar del veg kring 250 tonn.

Stålentreprenør HSM nytta forrige laurdag helikopter for å få på plass hengestengene på Dalsfjordbrua.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stor flytekran i Dalsfjorden

STOR FLYTEKRAN: Denne flytekrana skal løfte køyrebana på plass på Dalsfjordbrua.

Foto: Ketil Dalsøren

Først helikopter, så flytekran

Helikopterselskapet Airlift var leigd inn for å løfte hengestengene frå Nishammar og ut på bruspennet, og flyginga føregjekk ein time fredag 19. og sju timer på laurdag 20. april, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Byggjeleiar stål Harald Holmefjord følgde arbeidet laurdag, og han var imponert over kor nøyaktig og raskt helikopterpiloten jobba.

– Airlift gjorde ein kjempejobb, og dei brukte seks minutt per løft i snitt. Dei hadde ein person som kobla på lasta inne på Nishammar og ein som tok imot ute på brua, i tillegg til folka frå HSM som var i arbeid.

– I løpet av nokre hektiske timar fekk me 80 av 82 hengestenger på plass, så no kan berre stålkassen komme, seier Holmefjord.