Hopp til innhold

Her blir brukablane heisa i land

Dei er truleg mellom landets mest omstridde brukablar. Like før jul kom kablane som skal bere Dalsfjordbrua til Askvoll.

SJÅ: Brukablane til det omstridde Dalsfjordsambandet kom før jul til Askvoll. (Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen)

Ein 60 meter lang flytekran måtte i sving for å få dei kring 800 tonn med hovudkablar trygt i land.

No går arbeidet med ein mellombels gangveg, såkalla catwalk, på Dalsfjordbrua. Når denne er klar, truleg mot slutten av februar, blir berekablane frakta til Askvoll for montering.

– Å få hovudkablane til Norge, er ein milepæl for arbeidet med Dalsfjordbrua, seier byggjeleiar Harald Holmefjord til Statens vegvesen sine nettsider.

Tre veker til sjøs

Båttransporten frå Italia til Norge tok tre veker.

Kontrollingeniør Terje Ask (t.v.) og Harald Holmefjord.

NØGDE: Kontrollingeniør Terje Ask (t.v.) og Harald Holmefjord ved kaien i Askvoll.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

– Det har vore ein stor jobb å få logistikken til å gå knirkefritt. No er eg glad for at kablane er på plass, og så blir neste steg å få dei transportert til brutårnet på Otterstein, seier Holmefjord.

Den 619 meter lange hengebrua, med fritt spenn på 523 meter over Dalsfjorden, er ein viktig del av omstridde Dalsfjordsambandet.

Omdiskutert

Sambandet til kring ein milliard kroner knyter saman Askvoll og Fjaler og kommunar.

Vegen fram har vore lang og kronglete. Usemja og diskusjonen har til tider halde ein høg temperatur. Arbeidet både starta og stoppa på 1970-talet, før det for alvor tok til att oktober 2010.

I september vart det aller siste betongelementet på toppen av brutårnet heist på plass . Etter planen skal sambandet vere ferdig seint i haust.

Ei 60 meter lang flytekran måtte til for å få kablane i land.

LANG: Ei 60 meter lang flytekran måtte til for å få kablane i land.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen