Hopp til innhold

Forsikringsbransjen slår alarm etter storbrannar

Bransjen fryktar for sikkerheita i bustadblokker og næringsbygg. I somme tilfelle er branntryggleiken så dårleg at dei nektar å forsikre.

Brann Lone Arna

STORBRANN: Lone utanfor Bergen i august i fjor. Prosjekteringa av bygget har i etterkant fått krass kritikk.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I Noreg har vi eit system basert på tillit, der dei som planlegg og kontrollerer brannsikringa i bustadar blir leigd inn av byggherren.

No stolar ikkje lenger forsikringsselskapa på at det tillitsbaserte systemet er godt nok til å gjere folk trygge mot storbrannar.

Kommunane går gjennom dokumenta, men det er sjeldan dei er ute og sjekkar om regelverket faktisk blir følgt.

NRK har tidlegare fortalt om ei bustadblokk i Trysil der bebuarane måtte evakuere, og om bustadblokka på Lone utanfor Bergen som stod i full fyr lenge før brannvesenet kom fram.

I sakene får dagens kontroll med nye bygg kritikk.

Hendingane kjem saman med ei rekke av storbrannar dei siste åra.

Les også Kais fekk berre med seg katten då han flykta frå flammane – korleis kunne det gå så fort?

Kais med katten brannatta

Forsikringsselskapa ser seg derfor nøydde til å tilsette fleire eigne brannekspertar. Dei sjekkar bygga slik at forsikringsselskapa skal ha oversikt over risikoen om bygget tek fyr.

Ekspertane kan også gi råd om branntryggleik til kundane.

– Vi veit jo at det er ein god del feil der ute som i ytste konsekvens får eit fatalt utfall, seier leiar for risikostyring for næringsliv i Gjensidige, Arild Tømte.

– Bygg kan bli heilt annleis

Tømte får støtte frå leiar for avdeling for skadeførebygging i If, Anders Rørvik Ellingbø.

– Du kan jo eigentleg prosjektere eit bygg på ein måte, så blir det bygd heilt annleis utan at det blir kontrollert eller ettergått nokon stad, seier Ellingbø.

Bransjen meiner konsekvensen blir at burettslag, sameiger og næringsbygg kan vere langt meir brannfarlege enn folk trur.

Lagerbrannar er noko av det som uroar mest. Vi bygger stadig større varelager her til lands, og å dele dei opp med brannskilje er dyrt og upraktisk.

Konsekvensen kan bli formidable brannar, meiner Gjensidige.

– Det burde vore større fokus på uavhengig kontroll. Vi ser jo at det er litt for mykje bukken og havresekken, og vi har ein type eigenkontrollar som nok er utfordrande, seier Arild Tømte.

Dermed støttar forsikringsbransjen kritikken som fleire ekspertar innan branntryggleik har ytra til NRK:

Kontrollen med norske bygg er ikkje god nok.

Konsulentfirmaet Sweco skriv til NRK i ein e-post at dei meiner prosjekteringa av leilegheitsbygget på Lone utanfor Bergen var god nok etter regelverket i 2012.

LAB entreprenør som bygde blokka vil ikkje kommentere saka fordi ho er under politietterforsking.

Boligblokken på Lone i Arna

RUIN: Bergen kommune leigde ut blokka til rusavhengige og heimlause.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Eigarane kan sitte att med svarteper

7. januar 2020 brann eit parkeringshus ved Sola lufthamn i Stavanger. Delar av bygget kollapsa etter at ein bilbrann hadde spreidd seg. Brannen gjorde også skade på fleire hundre bilar.

I granskinga, bestilt av staten, blei det slått fast at bygget var for dårleg prosjektert.

Tømte seier eigarane av brannfarlege bygg, som har stolt på utbyggar, kan sitte att med svarteper i form av eit bygg der store feil blir avdekka i ettertid.

Les også Måtte flytte på dagen fordi leilegheita var livsfarleg

Aud Mary Ås og Jan Gunnar Østby

Også forsikringskundane får merke følgjene i for av høgare prisar på forsikring.

Kommunane si tilsynsrolle meiner bransjen rett og slett ikkje fungerer. Som regel stolar kommunane på at dokumentasjonen frå utbyggar held vatn.

– Fleire gonger har vi ved hjelp av eigne ekspertar også sagt nei til å forsikre bygg der vi meiner risikoen er høg, særleg gjeld dette store lagerbygg, seier Arild Tømte.

Parkeringshuset på Sola

STORBRANN: Parkeringshuset på Stavanger lufthavn på Sola vart øydelagt i ein kraftig brann.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I slutten av mars i år la regjeringa ut på høyring forslag til endringar i regelverket. Det skjer etter at det såkalla Byggkvalitetsutvalet i 2020 peika på at kontrollen er for dårleg.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal også ha eit innspelsmøte med bransjen, seier statssekretær Nancy Porsanger Anti (Sp),

– Eit av spørsmåla er korleis ein slik uavhengig kontroll og tilsyn skal innrettast i byggesak i framtida, seier Anti.

Byggenæringens Landsforening seier til NRK at dei er opne for å utvide den uavhengige kontrollen av brannprosjektering.

Snart ferdig etterforska

Det er vanskeleg å finne svar på om det var feil ved bygget i ruinane etter at det er nedbrent.

I Lone-saka er politiet framleis ikkje ferdig med etterforskinga. Påtaleleiar Are Nygård Bergh i Vest politidistrikt ventar på ein rapport utarbeidd av ekspertar på det branntekniske.

Han seier politiet si etterforsking primært har gått ut på å finna brannårsaka, medrekna om det har skjedd noko straffbart i samband med brannen, til dømes om han er påsett eller om nokon har starta brannen ved aktløyse.

Deretter skal dei vurdera om det er grunnlag for å etterforska dei byggtekniske forholda.

Når me får innhenta all dokumentasjon og gjennomgått denne vil me ta ei vurdering på om det skal setjast i verk etterforsking opp mot dei byggetekniske forholda, seier politiadvokat Bergh.

Tre personar har framleis status som mistenkte etter brannen. Dette er personar som allereie brannatta fekk denne statusen.

– Men den gjennomførte etterforskinga har ikkje styrka mistanken mot desse.

Undersøkelse brann lone, militærpersonell søker på stedet

KRIPOS: Ein spesialsøkshund frå Kripos undersøkte branntomta etter brennbar væske etter brannen. Hunden markerte fleire stader, men politiet klarte ikkje setja nokon av funna i samanheng med brannen.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Vil ha eigen kommisjon

Hugo Haug er leiar i Brannfagleg fellesorganisasjon. Han ynskjer at staten opprettar ein eigen havarikommisjon også for storbrannar.

Eit forslag om å greia ut ei slik ordning blei sett fram av Arbeidarpartiet ved utgangen av 2020, men forslaget fekk berre større av MDG og fall.

– For då vil vi ikkje nødvendigvis finne ein syndebukk, det får bli politiet si oppgåve, men ein finn kor i bygget si levetid ting gjekk gale, seier Haug.

Hugo Haug

STYRELEIAR: Hugo Haug i Brannfagleg Fellesorganisasjon.

Foto: Frode Meskau / NRK

Les også Eigedomsgigant får pengekrav etter storbrann – meiner balkongar var brannfarlege

Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene