Hopp til innhold

Ny i 2006 – no er skulen foreslått nedlagd

Ti år gamle Olsvikåsen vidaregåande skule kosta 133 millionar kroner, men er plutseleg blitt foreslått nedlagd. – Det finst ikkje politisk vilje for dette, meiner KrF-politikar.

Olsvikåsen vidaregåande skule i Bergen vest

133 MILLIONAR KRONER: Olsvikåsen vidaregåande skule i Bergen stod ferdig i 2016. Frå hausten 2018 kan den vera nedlagd.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Den store striden om fylkesrådmannen sitt forslag om å legga ned ei rekke vidaregåande skular i Hordaland held fram. Dei siste dagane er det kasta enno meir bensin på bålet. Denne gong i Bergen.

I siste liten er det kasta inn eit forslag som gjer at ti år gamle Olsvikåsen vidaregåande skule står i fare for å bli tømt for elevar innan hausten 2018.

Foreslår å legga ned ti år gamal skule

Årsaka til det er usemje om skulestrukturen vest i Bergen.

I utgangspunktet var tanken at Olsvikåsen skulle behalda allmennfaga, medan den vidaregåande skulen på Laksevåg skule får halda fram som rein yrkesskule.

At Laksevåg mistar sine studiespesialiserande fag har derimot skapt sterke reaksjonar.

Difor har fylkesrådmannen lagt inn eit alternativt forslag som fylkespolitikarane kan stemma over:

  • «Olsvikåsen vidaregåande skule vert avvikla hausten 2018»

Forslaget går altså ut på at ein må leggja ned Olsvikåsen for at Laksevåg skal få behalda studiespesialiserande fag.

Olsvikåsen vidaregåande skule stod ferdig i 2006, med ein prislapp på 133 millionar kroner.

«Overkapasitet»

Fylkesrådmannen meiner ein bør samla allmennfaga ved ein skule i Bergen vest, heller enn å fordela dei på to stader.

Fylkesrådmannen skriv i si tilråding at ein må sjå dimensjoneringa av skuleplassar i Bergen vest i samanheng med Bergen sentrum og Askøy og Sotra.

«Hovudutfordringa er at regionen har overkapasitet, og særleg gjeld dette ST (studieførebuande tilbod, journ. anm). På Askøy og Sotra er det ei reell underdekning av elevplassar, slik at ein er avhengig av at nær halvparten av elevgrunnlaget nyttar seg av tilbod i ein annan region. I hovudsak vel desse elevane tilbod i Bergen Vest eller Bergen sentrum. På bakgrunn av dette ser fylkesrådmannen det som naudsynt å redusere kapasiteten i Bergen Vest».

Emil Gadolin (Ap)

Emil Gadolin (Ap) er utvalsleiar i opplæringsutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det skjer ikkje

Tor Andre Ljosland (KrF) i opplæringsutvalet meiner det er svært liten sjanse for at forslaget går igjennom. Ifølge han finst det ingen politisk vilje til å legge ned Olsvikåsen for godt.

– Det er ein godt driven skule, med gode søkartal. Politikarane må lytta til elevane. Dette er det bakarste forslaget, tenkjer eg. Andre forslag vil koma langt framfor dette, presiserer Ljosland.

Behandling i oktober

Men det alternativ forslaget om å legga ned Olsvikåsen, som har kome i siste liten, skapar sterke reaksjonar. På Facebook-sida Bevar Olsvikåsen vgs. skriv tilhengjarane at dei er «i sjokk».

Saka i Bergen er ikkje den einaste som mobiliserer krefter i lokalsamfunnet. Fylkesrådmannen har foreslått at Etne, Rubbestadnes, Fitjar, Hjeltnes og Austrheim vidaregåande skular skal leggast ned, og alle stader rasar debatten for fullt.

Opphavleg skulle opplæringsutvalet i fylkeskommunen ha konkludert i sakene i morgon.

– Dette er ei krevjande sak som vil strekka seg utover fleire veke, seier utvalsleiar Emil Gadolin (Ap).

Ifølge han er målet å få behandla saka om nedleggingar på fylkestinget i oktober.