Hopp til innhold

Slåst mot nedlegging av Noregs beste skule

Noregs beste skule er truga av nedlegging. Verken kvaliteten på skulen eller næringslivet sine behov er lagt vekt på i prosessen. – Uforståeleg, seier næringslivet.

Rubbestadneset skule, norges beste skule, bømlo

NOREGS BESTE: I april blei Rubbestadneset vidaregåande skule kåra til Noregs beste. No er den trua av nedlegging.

Foto: Simon Knutsson Sortlan / Bømlo kommune

Rubbestadneset vidaregåande skule på Bømlo var den einaste skulen i landet som fekk toppkarakter i ei undersøking gjort av Senter for økonomisk forsking i april.

Det lokale næringslivet reagerer sterkt på at Hordaland fylkeskommune vil legge den ned.

– Vi har eit næringsliv som omset for 8–9 milliardar kroner kvart år, og har ein veldig tett relasjon med skulen. Det gjer at vi på mange område er verdsleiande innanfor fleire industrifelt. Vi fryktar vi skal miste kompetanse, seier Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo næringsråd.

Kvalitet betyr ingenting

Men verken behova frå lokalt næringsliv eller kvaliteten på skulen betyr noko som helst i skulebruksplanen til Hordaland fylkeskommune.

Det er aldri tatt med i vurderinga om kva skular som får overleve og ikkje.

Det er det nemleg pengar, reisetid, storleiken på skulen og at skulane skal ligge i regionsentera som avgjer.

– Det kan gå utover industrien og konkurransekrafta. Det er det vi ser på som den største risikoen, seier Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo næringsråd.

Kjetil Aga Gjøsæterm Bømlo næringsråd

UROA: Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo næringsråd forstår ikkje logikken bak å legge ned ein skule som er kåra til Noregs beste.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vil skrote heile planen

Næringslivet i kommunen får støtte frå politisk hald. Styret i Hordaland Senterparti meiner skulebruksplanen er så dårleg at den bør kastast.

– Den bør vurderast på nytt. Samfunnsverknaden, rekruttering til næringslivet og fråfall i skulen må vektleggast sterkare, seier fylkesleiar i Senterpartiet, Jostein Ljones.

Han meiner planen som mellom anna kan føre til nedlegging av Rubbestadneset, Etne, Fitjar, Hjeltnes og Austrheim vidaregåande skular, i alt for stor grad handlar om pengar og tal.

Han er tydeleg på at næringslivet sine behov må inn i planen.

– Vidaregåande skule handlar om veldig mykje meir enn det som ligg til grunn i dagens skulebruksplan.

Jostein Ljones

VIL SKROTE PLANEN: Jostein Ljones i Senterpartiet meiner kriteria for kva skular som skal leve vidare er alt for smale.

Foto: Roy Bjorge

Vil ikkje svare

Saksordførar Aleksander Fosse Andersen frå same parti er ikkje like kategorisk. Han vil ikkje svare på om han er einig i at planen bør forkastast.

– Som fylkestingsgruppa har ikkje vi valt å gå ut med noko standpunkt no. Vi må behandla saka først, og så skal vi samarbeid med andre parti også.

Det er fylkespolitikarane sjølv som har vedteke kriteria i skulebruksplanen.

– Forventar at innspela blir tatt på alvor

Ordførar i Austrheim, Per Lerøy frå Arbeidarpartiet, kjempar for å redde Austrheim vidaregåande skule.

– Vi har eit samla næringsliv. Det er over 400 bedrifter som har stilt seg bak kravet om å behalde skulen, seier han.

Lerøy sit og på fylkestinget. Han er i stor grad einig i at dagens skulebruksplan er for enkel.

– Ja, det meiner eg. Eg forventar at innspela som kjem no blir tatt på alvor av fylkesadministrasjonen.

Ambisjonen er at skulebruksplanen skal opp i fylkestinget 3. oktober.

Per Lerøy

ALVOR: Ordførar i Austrheim forventar at innspela blir tatt på alvor før skulebruksplanen skal opp i fylkestinget.

Foto: SØLVE RYDLAND